nyhende
Prisveksten dempa seg til 4,7 prosent i januar
Konsumprisindeksen (KPI) steg 4,7 prosent frå januar 2023 til januar 2024. Prisutviklinga på bilar og drivstoff bidrog til å dempe tolvmånadersveksten.
– Prisutviklinga på bilar og drivstoff bidreg mykje til at vi får denne nedgangen i tolvmånadersveksten i januar, seier seksjonsleiar Espen Kristiansen i Statistisk sentralbyrå.
Dette er litt lågare enn tolvmånadersveksten som vart målt månaden før.
Prisane på bilar fall med 1,4 prosent frå desember til januar 2024, medan prisane på bensin og diesel fall med høvesvis 4,3 og 5,0 prosent i same periode.
Matvarer trekkjer opp prisveksten
Varer som trekte prisveksten opp frå desember til januar var mellom anna matvarer og kulturtenester.
– Det var ein del matvarer som steig i pris etter å ha vore på tilbod under julekampanjane i desember. I tillegg målte vi eit stort hopp i prisane på både frosen og fersk fisk, seier Kristiansen.
Hovudorganisasjonen for handels- og tenestenæringa, Virke, påpeikar også at prisveksten framleis er høg i enkelte varekategoriar.
– Vi har lenge sett at spesielt frukt og grønt dreg opp den generelle prisveksten, noko som framleis er tilfellet. Dette heng saman med auka prisar i verdikjeda, og dessutan svak kronekurs, seier direktør Bendik Solum Whist i Virke daglegvare i ei pressemelding.
8,8 prosent dyrare enn i fjor
– Medan kaffi og te, kjøtt, olje og brød er blant varekategoriane der vi ser at årsprisveksten er lågare no enn på same tid i fjor, seier han.
Prisane på matvarer steig med 1,6 prosent frå desember til januar. Matvarer er no 8,8 prosent høgare enn for eitt år sidan.
Klede, sko og møblar er varer som trekte prisveksten ned.
– Det er vanleg at prisane på klede og møblar fell i januar då det ofte er høg tilbodsaktivitet for desse varegruppene denne månaden, seier Kristiansen.
Lita endring i prisvekst
Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets, seier til E24 at trenden for prisveksten held fram, men at endringa er «ganske så liten».
– Med denne prisutviklinga så er det noko som trekkjer i favør av at Noregs Bank kan starte med rentekutt i september i staden for desember, slik som dei trur no.
Sentralbanken har tidlegare signalisert at renta blir liggjande på 4,5 prosent fram til hausten.
– Men inflasjonen er samtidig berre ein av mange komponentar som avgjer. Til dømes blir kronekursutviklinga blir og kva som skjer i utlandet blir også veldig avgjerande. Så det er mykje uvisse rundt rentekutt framleis, seier Haugland.