nyhende

Illustrasjonsfoto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Prissjokk for barnehagar – skinkeost til 72 kroner tuben

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Dei kommunale barnehagane i Bergen har fått ein prisauke på mat som får nivået i matbutikkane til å bleikne. Kommunen har teke opp saka med leverandøren.

Aurdalslia barnehage i Ytrebygda må ut med over 50-lappen for ein pakke skinke som kostar rundt halvparten i butikk, medan Kavli skinkeost på tube plutseleg kosta 72 kroner i august, skriv Bergensavisen. Same produkt kosta då 31 kroner på Rema 1000.

Etter at Bergen kommune tok kontakt med grossisten Måkestad, vart tubeprisen for skinkeost senka til 41 kroner.

Dagleg leiar Thor-Arne Andersen i Måkestad en gros seier til BA at dei av kontraktsmessige grunnar ikkje vil kommentere saka.

Avdelingsleiar Tone Marie Dahle i Bergen kommune seier dei tok opp skinkeost-prisen med Måkestad. Grossisten er sidan 10. august leverandør av mat til dei kommunale barnehagane etter å ha vunne anbodet.

– Levering til barnehagar og skular er inkluderte i kontrakten, og dermed kan ikkje avtaleprisar samanliknast direkte med butikkpris, seier Dahle.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS