nyhende

1. november byrjar den nye kommunalsjefen jobben i Sveio kommune.
(arkivfoto)

Prislappen på pandemi er på over 18 000 kroner dagen

Publisert Sist oppdatert

Kommunen registrerer utgifter i samband med koronapandemien. Ei oppsummering viser at dei tre siste månadane (august, september og oktober) belastar kommuneøkonomien med rundt 1,7 millionar kroner. Deler ein beløpet på 92 dagar, kjem ein fram til 18 478 kroner kvar dag.

– Kortfatta er kostnadane knytt til beredskap for å ta i vare eventuelle pasientar med koronasmitte, testsenteret i Tysvær, kostnadar for å dekke opp for tilsette i karantene og ulike smittevernstiltak, opplyser økonomisjef Peter O. Lura.

Smittervernstiltaka gjeld forbruk av munnbind, reingjeringsmiddel og liknande. Det er ikkje sikkert at kommunen får kompensasjon for alle utgifter.

– Ein får truleg får dekka dei synlege kostnadane/mindreinntektene i samband med pandemien. Indirekte kostnadar og innsatsen tilsette har ytt ut over vanleg arbeidsinnsats reknar ein ikkje med blir kompensert, seier Lura.

Powered by Labrador CMS