nyhende
Prisen på dette vatnet kan bli tredobla
Om det offentlege skal ta i tur med alle gamle røyr som treng oppgradering, vil vatn-og avløpsgebyra i framtida i snitt liggje på 20.000 kroner i året. Det er innbyggjarane i dei mest grisgrendte kommunane som må betale mest.
– Med investeringsbehovet dei neste 20 åra vil eit normalgebyr for vatn og avløp kome opp i nærmare 20.000 kroner i året. I kommunane der investeringsbehovet er størst, vil gebyra kunne bli tre gonger høgare enn i dag, seier Ragnhild Aalstad, som er direktør for Norsk Vann, interesseorganisasjonen for heile vassbransjen.
330 milliardar
Aalstad representerer mellom anna 320 norske kommunar og kommunale selskap, som i sin tur blant anna eig 1.100 vassverk og 2.250 avløpsanlegg. Samla forsyner dei litt under 90 prosent av befolkninga med drikkevatn og reinsar avløpet frå 85 prosent av oss.
Det er alle desse verksemdene som skal passe på at lekkasjetapa i leidningsnettet ikkje blir så store at det ikkje blir nok reint vatn til alle – eller at farlege smittestoff smett inn i røra og gjer oss sjuke. Det er dei som skal sjå til at klimaendringane med flaum og tørke ikkje trugar korkje vasskvalitet eller forsyning, og bidra til at overvatn etter styrtregn blir leia bort utan å øydeleggje infrastruktur.
Det er også deira jobb å passe på at avløpssystema ikkje blir overbelasta, slik at ureinsa avløp går rett i fjordane våre. Ja, og det er dei som har ansvar for at vassforsyningssystema våre er godt nok sikra mot terror.
Det er difor det er dei som må leggje ut dei mange milliardane alt dette vedlikehaldet kjem til å koste – før dei sender den enorme rekninga vidare til deg og meg. Investeringar til vatn og avløp blir ikkje dekt over det ordinære kommunebudsjettet, men av vatn- og avløpsgebyr sett etter det såkalla sjølvkost-prinsippet.
– Då fagfolka våre rekna på dette i 2020, vart investeringsbehovet i kommunalt eigde vass- og avløpsanlegg anslått til å koste 330 milliardar kroner fram til 2040. Den relative gebyrauken for hushalda vil bli størst i kommunane der det bur minst folk og der det er færrast å dele kostnadene på, konstaterer Aalstad.
Vatn vinn ikkje val
Mesteparten av dei varsla utgiftene er knytt til oppgradering og fornying av leidningsnettet for vatn og avløp. I snitt reknar ein med at 30 prosent av drikkevatnet som går inn i leidningsnettet forsvinn i røyrlekkasjar på vegen. Somme stader kjem faktisk halvparten av vatnet aldri fram. Avløpsrøyra tek derimot inn vatn som ikkje skal vere der og gjer kostnadene til reinsing mykje høgare enn dei hadde trengt å vere. I tillegg trengst det store investeringar til vassbehandlingsanlegg og avløpsreinseanlegg.
Etter at vedlikehaldskalkylane vart gjort i 2020, har EU kome med endå strengare krav til reinsing. Det vil krevje ytterlegare investeringar.
Forklaringa på korleis me har enda i denne bakevja er samansett. Den seier truleg like mykje om oss som veljarar som om kommunepolitikarane:
– Å sette rett nivå på vatn-og avløpsgebyra krev både kunnskap og vilje av kommunepolitikarane. Eg ser ikkje bort frå at dei iblant kvir seg for å auke gebyra så mykje som det eigentleg er behov for.
– Både for innbyggjarar og politikarar kan det nok vere enklare å sjå behovet for utbetring av holete vegar enn på røyr som ligg usynlege under bakken – og som «verkar» – til så lenge. Med åra har difor etterslepet på vedlikehald blitt veldig stort. Det kan få alvorlege konsekvensar, seier Aalstad.
Alvorleg risiko
Ho minner om Askøy-saka sommaren 2019, der 76 vart innlagde på sjukehus og to personar truleg døydde som følgje av å ha drukke forureina, kommunalt vatn. I alt vart rundt 2.000 personar sjuke etter at vatn med bakterien Campylobacter hadde leke inn gjennom sprekkar i Kleppe vassverk.
I Sintef-granskinga som følgde, vart det ikkje berre slått fast at forureininga mest sannsynleg stamma frå avføring frå ville dyr og fuglar. Det vart også peika på at politikarane i kommunen hadde prioritert låge kostnader på vass- og avløpstenestene framfor tryggleik i vassforsyninga.
– Vatn på avvegar kan medføre ein stor risiko for liv og helse. Det er difor det er så viktig å ta grep før krisa er eit faktum.
Jorda rundt med røyr
Jordkloden vår måler litt over 40.000 kilometer rundt magen. Lengda på det norske, kommunale vassleidningsnettet er til samanlikning over 48.000 kilometer. I tillegg kjem 38.000 kilometer med kommunale spillvassleidningar og 19.000 kilometer med kommunale overvassleidningar. Det er frykteleg mange kilometer som treng vedlikehald og oppgradering – og som altså skulle ha blitt fiksa for lenge sidan. Då er ikkje dei over 100.000 kilometrane med private stikkleidningar og leidningsnett rekna med.
Norsk Vann si oppgåve er å bidra til utviklinga av bransjen, og mellom anna jobbe for betre rammevilkår og regelverk for dei som leverer vatn-og avløpstenester. I dag finst det til dømes ingen heilskapleg nasjonal handlingsplan for vatn og avløp som eitt, einskild departement skal følgje opp. Ansvaret er delt på mange. Helse- og omsorgsdepartementet ser til drikkevatnet, medan avløpsreinsing sorterer under Klima-og miljødepartementet.
Likeins er det Justis-og beredskapsdepartementet som har ansvar for sikkerheitsaspektet rundt vatnet vårt, medan Kommunal- og distriktsdepartementet følgjer opp kommunane. Og der staten på 70-og 90-talet bidrog med pengar over statsbudsjettet for å sikre god avløpsreinsing, har det sidan vore opp til kvar kommune å krevje inn vedlikehaldskostnader gjennom gebyr til innbyggjarane.
Rimeleg at staten bidrar
Norsk Vann meiner det også er rimeleg at staten bidreg i storsatsinga det no er behov for. Samstundes er Aalstad tydeleg på at det allereie finst uutnytta moglegheiter som kan redusere rekninga:
– Viss kommunar går saman, kan ein dele kostnader på fleire og oppnå stordriftsfordelar. Me utfordrar difor lokalpolitikarane til både å samarbeide og tenkje nytt rundt teknologi. Parallelt jobbar medlemsverksemdene våre med korleis ein kan gjere vedlikehaldet mest mogleg kostnadseffektivt. Ei teknologisk nyvinning er til dømes ei strømpe i akryl, som ein kan blåse inn i eksisterande røyr, i staden for å skifte ut røyra.
Aalstad snurrar det halvfulle vassglaset på bordet mellom fingrane:
– Med det sagt, er det store avstandar og krevjande topografi mellom somme kommunar – som vil krevje mange nye og kostbare avløpsrøyr om kommunar skulle gå saman. Difor er det også viktig at folk flest får auka medvit om at vatn og avløp ikkje er gratis. No må folk bu seg på at den naudsynte oppgraderinga vil kome til å koste.
Kommunalministeren taus
Nynorsk pressekontor har retta fleire spørsmål til kommunal- og distriktsministeren i samband med denne saka, ettersom det er kommunane sjølve som må ta rekninga. Kommunalminsteren har ikkje svara. Etter åtte dagar fekk me torsdag svar på spørsmåla frå Ole Henrik Krat Bjørkholt, statssekretær i helse-og omsorgsdepartementet, med grunngjeving i at det er dei som i hovudsak har ansvar for drikkevatnet.
På spørsmålet til kommunalministeren om det er rimeleg at det ligg an til så store skilnader i gebyr mellom kommunane og at det er dei minste kommunane som må betale mest, svarar heller ikkje helse-og omsorgsdepartementet direkte:
– Det er ikkje vanskeleg å forstå at auke i gebyr skapar bekymring, samtidig må vi førebu oss på at gebyra vil kome til å auke i tida som kjem for å sikre trygg forsyning av vatn og gode avløpstenester, skriv Bjørkholt i ein e-post.
På spørsmål om kommunalministeren meiner staten bør bidra til å finansiere delar av det framtidige vedlikehaldet, svarar Bjørkholt at regjeringa har sett i gang eit tverrdepartementalt arbeid.
– I dette arbeidet skal nasjonale mål for vatn og helse bli revidert, og det skal lagast ein plan for gjennomføring av tiltak på tvers av fleire sektorar. Det kan til dømes vere tiltak som kan stimulere til meir samarbeid mellom kommunar. Planen er å bli ferdig med dette arbeidet i år.
Ansvaret delt opp
Ansvaret for vatn og avløp ligg under fleire ulike departement. På spørsmål om me i staden burde ha ein heilskapleg nasjonal plan og lovverk som sorterer under eitt departement, og eventuelt kva for departement kommunalministeren meiner det ville vere naturleg at har det overordna ansvaret, svarar helse-og omsorgsdepartementet at me allereie har ei heilskapleg handtering av vatn- og avløpsområdet:
– Det er i hovudsak Helse- og omsorgsdepartementet og Klima- og miljødepartementet som har ansvaret for drikkevassområdet og avløpsområdet. Dei samarbeider godt, og arbeidet blir koordinert gjennom det tverrdepartementale arbeidet. Nasjonale mål for vatn og helse vil vere regjeringa sin plan på området, skriv Bjørkholt.