nyhende

Kjøpesummen i snitt for landbrukseigedommar i fritt sal steig frå nær 2,95 millionar kroner i 2020 til 3,1 millionar kroner i 2021. Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK
Kjøpesummen i snitt for landbrukseigedommar i fritt sal steig frå nær 2,95 millionar kroner i 2020 til 3,1 millionar kroner i 2021.

Prisar på landbrukseigedom dobla dei ti siste åra

Prisane på landbrukseigedom i fritt sal held fram med å auke. Sidan 2010 er snittprisane meir enn dobla.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Av dei vel 180.000 landbrukseigedommane i landet var det i fjor 9473 eigedommar som blei overdratt til nye eigarar. 2500 av dei blei omsett i såkalla «fritt sal», altså ikkje overdratt til familien, skriv Nationen og viser til tal frå Statistisk sentralbyrå.

I fjor blei kjøpesummen i snitt for desse bruka på 3,1 millionar kroner, opp frå nær 2,95 millionar kroner året før.

Kjøpesummen i snitt er med det dobla sidan 2010, då snittprisen var på rett under 1,5 millionar kroner per landbrukseigedom i fritt sal.

Det er store prisforskjellar på landbrukseigedommar rundt om i landet.

Høgast snittpris for landbrukseigedom i fritt sal med landbruk som formål var det i Oslo og Viken. Der var snittprisen på 5,31 millionar kroner i fjor.

I Vestfold og Telemark var også snittprisen på over 5 millionar kroner medan Rogaland følgjer etter med ein snittpris på vel 3,65 millionar kroner i fjor.

Lågast snittpris var det i Møre og Romsdal med vel 2,2 millionar kroner, Troms og Finnmark med vel 1,8 millionar kroner og Nordland med ein snittpris på 1,3 millionar kroner.

Ein stor del av salet skjer truleg utan at prisreguleringa på landbrukseigedom slår inn. Reglane for prisregulering og priskontroll er i fleire omgangar også endra.

SSB oppgir at statistikken ikkje er heilt eigna til å måle prisutviklinga.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS