nyhende

Prinsesse Ingrid Alexandra fyller 18 år fredag. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Prinsesse Ingrid Alexandra fyller 18 år fredag.

Prinsesse Ingrid Alexandra fyller 18 år

Fredag fyller Noregs arveprinsesse, Ingrid Alexandra, 18 år.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Dagen før bursdagen var ho på ein rundtur for å lære meir om dei norske statsmaktene: Stortinget, Høgsterett og regjeringa. Dermed er ho betre førebudd på den jobben som ventar henne når ho ein dag blir dronning.

– Vi har ei flott prinsesse, som er veldig hyggeleg å møte, og som er spennande å lytte til, sa statsminister Jonas Gahr Støre etter å ha hatt prinsessa på besøk.

Han kunne fortelje at prinsessa var veldig interessert og stilte mange spørsmål.

Fredag kjem bursdagsbarnet til å få ei rekkje gåver frå det offisielle Noreg. På formiddagen tek ho imot fleire personar frå det offisielle Noreg på Slottet, og mange av dei har med seg overraskingar til henne.

Mellom anna skal statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) innom og møte henne igjen saman med finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), og det er venta at dei vil røpe kva gåve regjeringa har til prinsessa. I tillegg kjem mellom anna forsvarssjef Eirik Kristoffersen, biskop Ingeborg Midttømme og Oslo-ordførar Marianne Borgen innom for å gratulere henne.

Når det gjeld sjølve feiringa, så er den store gallamiddagen på Slottet med gjester frå inn- og utland utsett på grunn av korona. Det same gjeld festmiddagen som regjeringa skal halde for henne. I staden blir det ein meir nedtona feiring med dei næraste.

Prinsessa går i andre klasse på Elvebakken vidaregåande skule i Oslo. Ho er ei aktiv jente som liker sport, trening og vass-sport, ifølgje den offisielle biografien hennar.

Prinsessa vart konfirmert i 2019, og i samband med dette vart engasjementet hennar for miljø og klima trekt fram.

– Du blir vaksen i ei tid då det å byggje bru mellom folk – og det å redde kloden – vil vere blant dei viktigaste oppgåvene. Eg er sikker på at du og din generasjon med kunnskapen og klokskapen dykkar vil klare å finne gode løysingar, sa kongen i talen sin til konfirmanten.

Sjølv om Ingrid Alexandra no fyller 18 år, vil ho truleg ha ei litt tilbaketrekt rolle også dei neste åra.

– Etter kvart som prinsessa blir eldre, vil ho få fleire offisielle oppdrag, men dei næraste åra vil den viktigaste oppgåva hennar vere å konsentrere seg om utdanninga, heiter det i biografien hennar på nettstaden til Slottet.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS