nyhende
Prinsen får slipsnål i gåve frå Sveio
I dag fyller prins Sverre Magnus 18 år, og han kan nok rekna med eit svært rikhaldig gåvebord. Blant gåvene er ei slipsnål i sølv frå Sveio kommune.
I år er det 70 år sidan den sjelden gullringen frå bronsealderen blei funne på Vikse. Slipsnåla i sølv er inspirert av den om lag 3.000 år gamle ringen.
– Me tenkte at dette var ei passande 18-årsgåve, og håper han kjem til å bruka den, seier ordførar André Mundal Haukås (H).
Laga ulike gjenstandar
Gullsmed Reidun Breistig laga replikaen av gullringen, og den er utstilt på kommunehuset. Orginalen er å finna på museum i Bergen. Breistig laga også ein del andre gjenstandar inspirert av deltaljane på ringen.
– Mellom anna slipsnåler, lik den Sverre Magnus har fått, og anheng. Slipsnålene minkar det på, men me har framleis ein del fine ting som kan kjøpast på kommunehuset, seier ordføraren, som i tillegg til slipsnåla sende prinsen ei helsing frå heile Sveio.
Sveio kommune gav også dåpsgave til Sverre Magnus: ei golfkølle.
– Veit du om han har brukt den?
– Det er eg veldig usikker på, men eg skal spørja han når eg treff på han, ler Haukås.
Dette står i helsinga
Til lukke med 18-årsdagen!
Kjære Prins Sverre Magnus!
Det er ei stor ære og glede for meg å få gratulera Prins Sverre Magnus med dagen på vegner av folket i Sveio kommune.
I høve dagen ynskjer me å gje ei slipsnål i sølv utsmykka med inspirasjon frå gullringen som vart funnen av ein lokal gardbrukar på Vikse ein novemberdag for 70 år sidan.
Gullringen som vart tidfesta til å å stamma frå bronsealderen er sjeldsynt i Noreg, og er i tillegg til å vera av dei eldste ein har funne i landet, den einaste som er funnen i Hordaland.
Me vil ynskja Prinsen alt godt i livet som vaksen!
Beste helsing
André Mundal Haukås, ordførar