nyhende

Elevane f.v. Mia Bach Hamre, Amalia Vincenza Mocci og Ingunn Storstein tok imot diplom og lovnad om pengar. Dei er her flankerte av Vibeke Enerstvedt og Lars Einar Hollund frå Njård Dykkerklubb.
Elevane f.v. Mia Bach Hamre, Amalia Vincenza Mocci og Ingunn Storstein tok imot diplom og lovnad om pengar. Dei er her flankerte av Vibeke Enerstvedt og Lars Einar Hollund frå Njård Dykkerklubb.

Premiert etter strandryddeaksjon

Tidleg i juni var tre niandeklassar frå Sveio skule med Njård Dykkerklubb på strandrydding i Førdespollen. Før haustferien var Lars Einar Hollund og Vibeke Enerstvedt frå dykkarklubben på skulen og overrekte diplom og lovnad om 32.800 kroner til elevane som no er tiandeklassingar.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er såkalla motivasjonsmidlar me har fått i støtte frå Handelens Miljøfond. Elevane kan bruka pengane til kva dei vil, opplyser Hollund til Vestavind.

82 elevar var med

Miljøfondet gir støtte for kvar elev som deltar. I alt var 82 niandeklassingar med på aksjonen. Utgangspunktet var Førde, og ryddinga skjedde nordover mot Valestrand, fortel Hollund vidare. Elevane samla inn tett på eitt tonn plast og anna skrot.

– Dette har nok samanheng med at aksjonen var godt førebudd med systematisk kartlegging av den aktuelle strandsona, seier Hollund vidare.

Han opplevde elevane som svært motiverte. Frå skulen si side er det uttrykt ønske om ein liknande aksjon til neste vår. Dette er også dykkarklubben interessert i. Det vil bli søkt om motiveringsmidlar også til neste års aksjon, stadfestar Hollund.

Vestavind var med på ein av ryddeturane:

Sosialt tiltak

Hanne-Elin Birkeland, som er teamleiar for 10. årstrinn og kontaktlærar for 10C, synest også opplegget var svært bra og har gått inn for at niandeklassingane får vera med på eit tilsvarande opplegg også dette skuleåret.

Pengane har dei enno ikkje fått på konto, og elevane er ikkje heilt einige om kva dei skal brukast til.

– Det blir i alle fall eitt eller anna sosialt som alle elevane får vera med på, seier Birkeland.

Tilbyr utgiftsdekning

Strandrydding er elles aktuelt i fleire samanhengar, og det finst fleire stimuleringsmidlar å søkja på for den  som vil ta eit tak.

Hold Norge Rent har nettopp annonsert refusjonsordninga for marint avfall, der ein innan midten av november kan søkja om støtte for transport av eigarlaust marint avfall, behandling av slikt avfall, transport av frivillige som er med på ryddeaksjonar, enkel servering for ryddemannskap og utgifter til reparasjon av utstyr som blir skadd eller øydelagt under ryddeaksjonar.

Powered by Labrador CMS