nyhende
Praktisk app for kontakt med legekontoret
Førde legekontor, Albatross legesenter og Sveio legekontor nyttar seg av tenesta HelseRespons for å kommunisera med pasientane sine. Det er valfritt å bruka, men det kostar nokre kroner per henvending.
I appen til HelseRespons kan ein bestilla time, resept og gjera andre henvendingar til enkelte legar, legekontor og klinikkar i Noreg.
Dei tre legekontora i Sveio nyttar seg av dette tilbodet. Fordelen er at henvendingar frå pasientar blir behandla enkelt og effektivt, utan å stå i kø.
I følgje Trond Wirkola på Albatross legesenter, fungerer appen utmerka. Dei som bruker telefonen kan dei risikera å ikkje få svar med ein gong, sidan helsepersonell mellom anna tar blodprøvar av pasientar.
Slepp venting
– Venting på telefonen er ein flaskehals. I appen kan folk skriva melding, så les me når me har tid. Det meste kan ordnast via HelseRespons, seier Wirkola, som også vil presisera noko:
– Nokon trur at me bruker søndagskveldar og helgar på å lesa meldingar, men det gjer me i kontortida, forklarar han.
Autorisert helsesekretær på legesenteret, Beathe Matre er ofte den som les meldingane som kjem inn.
– Folk har blitt flinkare til å bruka HelseRespons, fastslår ho.
Slik fungerer den
Appen er gratis å lasta ned til mobilen frå App Store eller Google Play. Pasientar må registrera seg med namn, fødselsdato og personnummer, dette for å at legen skal vita kven du er, og kobla henvendinga til rett pasientjournal (kun første gongen appen blir brukt). Mobilnummer er også ein føresetnad for at svarmeldingar på SMS skal komma til rett brukar, og at betaling for SMS-tenesta skal belastast rett abonnement.
Bestillingar til legekontoret kostar 6 kroner per motteke SMS, på grunn av at meldingane er krypterte. Det er vanleg å motta to meldingar på bestilling av éi teneste, som må godkjennast med kode frå SMS.
HelseRespons forsikrar om at dei brukar ein leverandør som følgjer bransjenorma for informasjonssikkerheit og personvern.