nyhende
Postnord åtvarar mot Black Friday- og julesvindel: – Lett å gå på limpinnen
Postnord åtvarar nordmenn i forkant av julehandelen og Black Friday mot svindel-e-post og -SMS som liknar veldig på Postnord sine eigne.
– Av erfaring veit vi at svindlarar utnyttar både julehandelen og Black Friday for å lure forbrukarane, seier tryggingssjef Lars Bråten i Postnord.
Han seier det er viktig å hugse på at dei ikkje har noko med denne typen e-post eller SMS å gjere, og at dei blir sende utan kunnskap til selskapet. Dei får dessverre ikkje stoppa alle, sjølv om dei jobbar med å stenge ned nettstader som ulovleg bruker merkevara.
– Noreg har ein av dei mest utvikla netthandelmarknadene i Europa, noko som gjer det attraktivt for svindlarar å operere her i landet. Som eit resultat av dette må du som forbruker i dag vere litt mistenksam, seier Bråten.
Han meiner beste måten å verne seg mot svindlarar på, er å alltid vere på vakt.
– Klikk aldri på lenker viss du ikkje er sikker på kvar dei fører deg, seier Bråten.