nyhende
Positive til ny 9-holsbane
Sveio formannskap gjekk måndag inn for å godkjenne reguleringsplanen som sikrar ny 9-hols golfbane i Sveio golfpark.
Administrasjonen i Sveio kommune har den siste tida jobba iherdig for å kunne leggje fram ei sak om regulering av ein ny 9-holsbane i Sveio golfpark.
Kritisk røyst
20. juni var saka innom eit ekstraordinært møte i hovudutval for teknisk/næring (HTN), og sist måndag gjekk eit ekstraordinært formannskap inn for planen, som er blitt justert etter innspel frå mellom anna Forum for natur og friluftsliv og frå Statsforvaltaren. Førstnemnde er framleis kritisk til planen som skal endeleg godkjennast skriftleg før ferien, noko som er i tråd med regelverk for hastesaker. Tilkomst til det nye området vil skje via eksisterande internvegar i golfparken. Under ei arkeologisk undersøking var det berre funne nyare kulturminne, men ingen så gamle at det ville kravd bandlegging av området gjennom vern- eller freding.
Det nye planområdet er 60 dekar stort, og grensar til eksisterande 18-holsbane som ligg på eit 1500 dekar stort område.
Lågterskeltilbod
Sveio kommune er majoritetseigar i Sveio Golfpark AS. Men det er formelt set eit privat reguleringsforslag frå aksjeselskapet som kommunen no har til politisk handsaming. Rådmannen har stilt seg positiv til godkjenning av reguleringsplanen.
— Utviding av Sveio Golfpark med 9-hols golfbane vil vere eit godt lågterskeltilbod til både lokale innbyggjarar, tilreisande og hyttefolk, heiter i framlegget.
Rådmannen viser til at det planlagde anlegget vil fremja folkehelse gjennom å betra golf-ferdigheita og auka aktiviteten blant innbyggjarane.
— Anlegget vil sikre barn og unge sine interesser ved å leggja betre til rette for det å læra seg å spela golf og halda seg aktive. Planen er eit godt grunnlag for realisering av ny 9-hols bane. Rådmannen sin konklusjon er difor at ei utviding av golfanlegget er eit godt folkehelsetiltak. Anlegget ligg sentralt og vil aktualisere seg som tilbod for alle innbyggjarane i kommunen.