nyhende

Mattilsynet takkar for innsatsen i perioden med «portforbod». - Mange dyrehaldarar har gjort ein kjempeinnsats no medan det smittsame utbrotet har pågått. Me har fått hundrevis av registreringar av fjørfehald, og dei som driv kommersielt har fått ei nyttig påminning om kvar viktig det er med gode rutinar på smittevern. Tusen takk til alle tobeinte som heldt ut, med og utan fjør, seier Anne Marie Jahr.

Portforbodet er oppheva

– Vårtrekket er straks over, me finn stadig færre tilfelle av fugleinfluensa. Det betyr at me kan letta på dei strenge smitteverntiltaka me innførte før jul, dersom den gode smittesituasjonen held seg dei neste dagane, sa Anne Marie Jahr, seksjonssjef dyrehelse i Mattilsynet i ei pressemelding tidlegare i mai. I går blei det klart at det såkalla portforbodet for tamfuglar blir oppheva i dag, 1. juni.

Forbod mot å halda fjørfe ute utan tak i Noreg har vart ganske lenge.

– Dette har vore krevjande for både dyr og eigarar, og eg er glad for at me truleg kan avslutta dette snart. Det har vore nødvendig å halda dyra inne og under tak når dei er ute for å hindra smitta, men det kan òg ha ført til dårlegare dyrevelferd for dyra. Me har fått tilbakemelding om at fleire som har høner og andre fuglar som hobbydyr har hatt utfordringar med å tilby gode nok forhold medan dei strenge reglane har vore på plass, seier Jahr.

Powered by Labrador CMS