nyhende

Populært med utkjøring av varer

Dei minste butikkane i Sveio registrer auka omsetnad under koronakrisa. Tilbod om «drive in»-handel og utkjøring av varer er nokre av årsakene.

Publisert Sist oppdatert

Både Auklandshamn Dagligvare og Valevåg Handel tilbyr utkjøring av varer til vanleg også, men interessa for dette tilbodet har auka monaleg etter at smitteverntiltaka blei innførte. Det same har kundekrinsen.

– Me kjører berre ut til kundar i nærområdet, men har også bestilling på varer til Tjernagel, Bua og Sveio. Desse varene blir henta, fortel Åse Marie Økland og Annbjørg Lunde ved Auklandshamn Dagligvare.

«Drive in»

Dei kjører ut varer kvar dag om kundane ber om det. Eit anna tilbod som er blitt populært både i Auklandshamn og Valevåg, er at kundane bestiller varer på telefon. Butikkpersonalet finn fram og pakkar varene og kundane  eller andre  kjem på avtalt tidspunkt og får handleposane leverte rett i bilen. Betalinga skjer då for eksempel via Vipps.

– Me tar inga betaling for denne tenesta. Utkjøring må kundane derimot betala litt for, seier Annbjørg Lunde.

Ho er nett i ferd med å finna fram varer for henting då  Vestavind er på besøk,

– Handleposane til slike kundar blir sette på lager og utleverte gjennom lagerdøra, ikkje gjennom hovudinngangen, forklarar Lunde.

Tredobla omsetnad

– Den dagen restriksjonane blei innførte, opplevde me reine julehandelen. Omsetnaden blei tredobla i forhold til ein vanleg dag, fortel Laila Vikse Lie ved Valevåg Handel.

Seinare har det normalisert seg, men heimkjøring har auka kraftig. Det kan variera frå dag til dag, men ligg ofte på mellom to og fem turar.

Både Laila Vikse Lie og Åse Marie Økland skryt av kundane sine og understrekar at dei har eit stort hjarta for bygdene sine.

Også Joker Førde og Nærbutikken Valevåg tar imot bestillingar og kjører ut varer til kundane.

– Normale dagar

Litt annleis er det i dei større butikkane.

– Me har ikkje kapasitet å kjøra ut varer til kundane våre og har heller ikkje opplevd eit stort behov for det, seier Stig Runar Tveit ved Kiwi Sveio.

Han registrerer litt mindre folk enn vanleg i butikken, men opplever elles at dagane er omtrent som normalt med tanke på omsetnad. Ein del langtidsvarer som mjøl, gjær og hermetikk har vore utselt i fleire sveiobutikkar, men hyllene fyllest igjen.

Alle tilsette er friske

Andre stader har butikkar innført eigne handletidspunkt for personar i ulike risikogrupper.

– Dette gjeld vel ofte i mindre butikkar der det er vanskeleg å halda avstand til andre. Ordninga er ikkje innført i nokon butikkar i Sveio så langt, seier Tveit, som elles gler seg over at alle dei 13 tilsette er friske og har unngått å hamna i karantene.

Onsdag kom denne gladmeldinga frå gjengen på Coop Extra i Sveio:

Extra tilbyr også utkjøring

– Me vil hjelpa så godt me kan! Om du har karantene og ikkje får handla sjølv, tar me imot handleliste og leverer varene på døra til deg, kostnadsfritt. 

Betalinga må gjerast med Coopay. Om du er medlem, er det enkelt å lasta ned appen.
Handlelista må sendast på mail tidleg kveld før levering, og varene blir kjørt ut så tidleg som mogeleg dagen etter. I helga er det ikkje levering.

Powered by Labrador CMS