nyhende

Kommunen sine folk reiv paviljongen for å hindra skader.
Kommunen sine folk reiv paviljongen for å hindra skader.

Populær møteplass borte

Paviljongen mellom Vestavind-huset og kommunehuset er lagt i bakken, men kan bli erstatta av eit nytt, tilsvarande byggverk.

Publisert Sist oppdatert

– Paviljongen som har vore ein populær møteplass for både barn og vaksne i minst 20 år, måtte fjernast fordi konstruksjonen var ròten og sto i fare for å falla saman, forklarar Frederik Aalo Flood, som er leiar for drift og anlegg i Sveio kommune.

Bygget blei difor tatt ned av kommunen sine eigne folk for å hindra at det skulle  medføra skade. Restane ligg enno på staden.

– Me vil gjerne setja opp eit tilsvarande bygg så sant me finn pengar til dette på budsjettet, seier Flood.

Powered by Labrador CMS