nyhende

To folkevalgte meldte seg ut av Høgre i helga:

Monica Vandaskog Valen (Sp) og Lars Einar Hollund (H).
Monica Vandaskog Valen (Sp) og Lars Einar Hollund (H) skulle snart ha gått inn i nye roller som ordførar og varaordførar i Sveio kommune.

Politisk usemje i Sveio: Fleirtalet varte berre i ti dagar

Det har skjedd litt av kvart i dei politiske kulissene etter at det for to veker si vart avgjort kven som skulle bli ordførar i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Koalisjonen mellom Senterpartiet, Høgre, KrF og MDG har mista sitt politiske fleirtal. Årsaka er at to av Høgre sine innvalgte kandidatar meldte seg ut av partiet og erklærte seg partipolitisk uavhengige i løpet av helga. Det opplyste Lars Einar Hollund i Høgre søndag kveld. 

Dermed blir det nok ikkje Monica Vandaskog Valen (Sp) som blir ordførar,  som tidligare annonsert, likevel.

– Det er synd at utfallet vart slik og det er trist for Sveio-politikken. Eg får berre ta ein dag om gongen. Det er fleirtalet som bestemmer, og ein må jo føya seg for fleirtalet, seier ho.

Ultimatum

Til trass for samarbeidet som var inngått veka før, stilte dei nyinnvalte kommunestyremedlemmane frå Høgre, Stian Nygård og Ole Johan Sveen, partiet sitt eit ultimatum førre onsdag.

Anten måtte dei søke samarbeid med Arbeidarpartiet eller så ville dei melde seg ut, noko som ville føre til at  samarbeidet ville rakne.

– Eg syns det er kjempetrist, for å sei det rett ut, seier Lars Einar Hollund, som fortel at Arbeidarpartiet har vore Høgre sin hovudmotstandar frå starten av valkampen.

– Me var veldig misfornøgd med det som har skjedd i Sveio dei siste fire åra, og det ga me tydeleg uttrykk for under valkampen. Me ønska å koma i posisjon, plan A var å stå saman med Venstre, KrF og Frp. Plan B var å fortsetta samarbeidet me har hatt i fire år med Sp, KrF og MDG.

Plan A var det ikkje fleirtall for, og dei gjekk for plan B, noko Nygård og Sveen ikkje var nøgd med. Dei skal nemlig ha fått sterke signal frå Arbeiderpartiet om at dei var klare til forhandlingar med Høgre, ifølgje Hollund.

Han såg seg difor nøydd til å ta kontakt med forhandlingsleiar Håkon J. Skimmeland i Arbeidarpartiet. 

– Fredag ettermiddag har Høgregruppa eit nytt møte kor eg informerer om at me no har tatt kontakt med Ap og bedt om forhandlingar. Heile gruppa var nå nøgd, og var einige om at den avtalen som gav best resultat skulle gruppa samla gå vidare med, då det no var viktigast og halda gruppa samla. Gruppa tok kvarandre i handa om dette. Seinare same kveld avslo Ap samtalar med Høgre, fortel Hollund.

Dermed meldte Nygård og Sveen seg ut av Høgre i løpet av helga.

– Ingen konkret sak

Ole Johan Sveen var Høgres 4. innvalte kandidat i kommunestyret. 

– Eg har vore medlem av Høgre i fleire tiår. Denne situasjonen som har oppstått er først og fremst eigentlig berre trist, men det handlar om at det er usemje om det politiske vegvalet internt i Høgre.

Sveen understrekar at dei ikkje handlar om ein konkret sak.

– Det er tre forskjellige parti. Alle har bra ting, men alle har ting eg ikkje kan støtte på same måten. Det handlar først og fremst om at eg ikkje kan vera med på Høgre sitt vegval. Det handlar ikkje om ein konkret sak, det handlar om heile pakken. Me har gjennom mange møter prøvd å komme fram til løysning, og me har håpt at me skulle finne ei, men det har me ikkje fått til.

Han skulle helst sett at partiet søkte samarbeid andre stader.

– Det er naturleg for Høgre å samarbeida med til dømes Framstegspartiet. Denne runden har ikkje Høgre og Frp samarbeida i det heile tatt, det syns eg me godt kunne gjort. Me har samarbeida med dei i valkampen, men når resultatet kom så var det ingen forhandlingar med dei. Ap og Frp kunne vore ein god løysning, då hadde me hatt eit godt fleirtal.

– Kva tenkjer du om at dei fire partia no mister fleirtalet sitt i koalisjonen?

– Det beklagar eg, avsluttar Sveen.

Stor usemje

Stian Nygård har vore medlem i Sveio Høgre i eit år, men har også vore medlem ved tidlegare høve.

– Først og fremst syns eg dette er veldig beklageleg og trist på vegne av både kommune og veljarane, seier han.

Nygård seier at det var usemje om politiske vegval som ble tatt i etterkant av valet, og om den endelige politiske plattforma.

– Me ville i alle fall sondera mogligheita for andre samarbeidsplattformar og det førte ikkje fram diverre. Me greidde ikkje å finne noko alternativ som gruppa kunne samla seg bak. Då blei alternativet for oss å melda oss ut, fortel han.

Sjølv om Høgre tok initiativ til å opne for samarbeid på grunn av Sveen og Nygård sitt ultimatum, førte det ikkje til at dei valte å bli då dette likevel blei avslått.

– Nei, det var såpass stor usemje om politisk plattform så me kunne ikkje stille oss bak der, seier han.

Sjølv om Sveen og Nygård har meldt seg ut av Høgre vil dei fortsetta i kommunestyret som partipolitisk uavhengige.

– Hovudfokuset mitt nå må vera å driva god politikk som uavhengig i kommunestyret og gjera ein god jobb på Sveio og innbyggarane sine vegne.

– Kva tenkjer du som partipolitisk uavhengig i kommunestyret om å støtta eit samarbeid mellom Arbeidarpartiet og Frp med Linn Therese Erve som ordførar?

– No vil eg først ta ein pust i bakken, og så får meg og Sveen gjera oss opp nokre tankar i løpet av dei neste dagane, avsluttar han.

Tynn forklaring

Miljøpartiet Dei Grøne er skuffa over at samarbeidet mellom dei fire partia no har falt i frå.

– Me er svært skuffa over at fleirtalet fell på grunn av at to representantar frå Høgre meld seg ut. MDG fekk god utteljing i forhandlingane, og me såg med entusiasme på oppgåvene som låg føre oss, seier leiar i Sveio MDG, Ole-Ørjan Hov.

Hov meiner at forklaringa til kvifor representantane har valt å melde seg ut er «mildt sagt tynn».

– Me har hatt eit godt samarbeid med Høgre, KrF og Senterpartiet i inneverande periode, og me kan ikkje sjå at det er noko i historikken som tilsei at denne koalisjonen ikkje skulle kunne fungere vidare. Den politiske plattforma var ikkje ferdig forhandla, så timinga er derfor vanskeleg å forstå.

Det mange sveibuar nok er spent på er kven som no kjem til å bli ordførar. Det kan bli Linn Therese Erve (Ap).

– Eg har registrert meg at koalisjonen deira ikkje har fleirtal lenger. Eg kan ikkje kommentera noko meir ut over det foreløpig, sa ordførarkandidaten måndag føremiddag.

Denne artikkelen vart først publisert i papiravisa 26. september 2019, og er lagt ut på nettavisa med korrekt dato for historikken sin del.

Powered by Labrador CMS