nyhende

Politikarane er passive i dyrevelferdsdebatten

Dei fleste politiske partia meiner det jamt over er god dyrevelferd i norsk landbruk – difor er dei heller ikkje pådrivarar for nye dyrevelferdstiltak.

Publisert Sist oppdatert

– Politikarane skal forhalde seg til politiske mål på ulike felt. I landbrukspolitikken er dei fire overordna måla matsikkerheit, landbruk over heile landet, aukt verdiskaping og bærekraftig landbruk. Særleg måla om matsikkerheit og landbruk over hele landet står i motsetning til innføring av nye dyrvelferdstiltak som inneber store næringsomveltingar eller økonomiske kostnader for landbruket.

Renate Marie Butli Hårstad har forska på dyrevelferd.

Det fortel forskar Renate Marie Butli Hårstad ved Ruralis til Nynorsk pressekontor. Ho disputerte nyleg som doktor og har i arbeidet med doktorgrada si sett nærare på dyrevelferd i landbruket i eit samfunnsvitskapleg perspektiv.

Den norske modellen

Hårstad har mellom anna gjennomført ein studie blant politikarane på Stortinget og deira forhold til dyrevelferd. I studien fann ho at politikarane i dei fleste parti er passive når det gjeld ønskje om å endre dyrevelferdspolitikken i Noreg.

I Noreg er på mange måtar landbruket i ei særstilling som næring, og ein er i stor grad avhengig av subsidiar og økonomisk støtte for å drive. Dette er ifølgje Hårstad ein medverkande årsak til at fleire politikarar forheld seg passive til å gjere endringar.

–Politisk er den norske modellen veldig etablert. Dyrevelferda og dyrehelsa har det òg blitt jobba mykje med over tid i Noreg, så vi har tradisjonelt hatt veldig høge standarar. Sjølvbildet er at dyrevelferda er veldig bra og at det er den norske modellen som har ført til det. Difor er det nok vanskeleg å innføre nye dyrevelferdstiltak fordi ein er redd for å skade den gode velferda vi allereie har, seier Ruralis-forskaren.

Det er ei gjengs oppfatting blant dei fleste politiske partia i Noreg at dyrevelferda i landbruket jamt over er god.

Høgare på dagsordenen

Trass i at politikarane er passive er det blitt mykje meir fokus på dyrevelferd dei siste åra. Det gjer at politikarane oftare enn før må forhalde seg til dyrevelferdspolitikk i offentlegheita.

– Passiviteten blant politikarane mobiliserer aktørar som vil ha dette på dagsordenen. Det kan til dømes vere dyrevernorganisasjonar eller næringsliv.

– Politikarane blir oftare stilt til veggs – særleg viss det skjer dyrevern-skandalar. Det er vanskeleg å seie korleis den merksemda slår ut i implementert politikk, men eg tenker at jo meir dei må forhalde seg til det – dess viktigare blir det å utvikle politikk på feltet, seier Hårstad.

Dei fleste politiske partia i Noreg er ganske passive når det kjem til endringar i dyrevelferdspolitikken.

Ulike verkelegheiter

Ifølgje Ruralis-forskaren er det politikarane frå dei tre partia SV, MDG og Venstre som tydelegast uttrykkjer ønske om å endre dyrevelferdspolitikken i landbruket. Dei andre partia har mindre ønskje om strukturelle endringar, men av ulike årsaker.

– Alle partia har eigne narrativ rundt kva som er problemet for dyrevelferda i Noreg i dag og kva som er løysingane, seier Hårstad.

Ho peikar på at Høgre rammar det inn med at det ikkje er eit strukturelt problem. Dei meiner dyrevelferdsskandalar og tragediar ikkje kjem av måten landbruket er bygd opp på.

– Dei ser på sett og vis slike hendingar i eit vakuum og peikar på at det er nokre rotne eple i korga, som ikkje er resultat av at dårleg dyrevelferd er eit generelt problem i det norske samfunnet, seier ho.

På andre sida er Arbeidarpartiet meir opne om at dyrevelferd i landbruket kanskje er eit problem på strukturelt nivå – grunna intensiveringa vi har sett i landbruket dei siste åra.

– Samstundes blir det overskygga av dei overordna måla til Ap som er å ha arbeidsplassar i heile landet og behalde gardsbruka. Det blir brukt som legitimering for ikkje å innføre ny dyrevelferdspolitikk.

Powered by Labrador CMS