nyhende
Politiet ser administrative fordelar med fylkesbyte
Sør-Vest politidistrikt ser nokre administrative fordelar om Sveio blir ein del av Rogaland fylke, men forsikrar at lov og orden vil bli tatt i vare uavhengig av kor fylkesgrensa går.
Det kjem fram i eit høyringssvar som stasjonssjef Edgar Mannes ved Haugesund politistasjon har skrive til Sveio kommune.
Det er mange år sidan Sveio kommune hadde eigen lensmann, og kommunen er i dag underlagt driftseining Haugesund og Karmøy, saman med Tysvær, Bokn og Utsira.
Politistasjonssjefen viser til at erfaringane politiet har med å levere polititenester på tvers av fylkesgrensene viser at dette i minimal grad påverkar lokalt tenestetilbod eller samarbeid mellom kommune og politi.
— Vi meiner vi har like gode samarbeidsformer med kommunane på begge sider av fylkesgrensa, skriv han.
Einaste utanfrå
Mannes trekker likevel fram nokre administrative argument for at forvaltningsgrenser bør vere så like som mogeleg i samhandlinga mellom offentlege forvaltingsorgan.
Han peiker mellom anna på at dei seks kommunane i driftseininga Haugesund og Karmøy har eit felles beredskapsråd, og at Statsforvaltarane i fylka fører tilsyn med kommunen i høve til fylkesinndeling. Statsforvaltarane kan også vedta samordning av kommunal verksemd i ekstraordinære beredskapssituasjonar.
Av dei seks kommunane i beredskapsrådet, er det berre Sveio som ikkje høyrer inn under Statsforvaltaren i Rogaland.
— Utover at dette krev noko meir koordinering mellom ulike aktørar i stat og kommune, er det lite sannsynleg at dette vil påverke det operative arbeidet i nemneverdig grad. Det er likevel eit argument for at like forvaltningsgrenser kan vere ein fordel, skriv han.
Ikkje avgjerande
Han legg til at og Sivilforsvaret og Heimevernet følgjer fylkesinndelingane i si organisering. Det kan i nokre tilfelle bety at anmodingar om bistand i eit samanfallande geografisk område må sendast til ulike distrikt hos desse etatane. Han held likevel fast ved av tenestetilbodet ut til publikum ikkje blir påverka av fylkesgrensa, og at argumenta for eit fylkesbyte difor i hovudsak bør vurderast ut frå andre samfunnsområde elnn politiet sitt tenestetilbod.