Torsdag morgon gjennomførte politiet ein kontroll med fokus på sikring av barn og ruskøyring ved Auklandshamn skule. Alle dei kontrollerte viste trafikkåtferd etter boka. — Kontrollen medførte ingen reaksjonar, opplyser vaktsjef Håkon Tornes ved Haugesund politistasjon.