nyhende

ARKIVFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK

Politiet måtte stanse trøytt sjåfør

Publisert Sist oppdatert

Fredag føremiddag vart ein bil som vingla, og som kom over i feil køyrebane fleire gonger, observert på E39 ved Haukås i Sveio. Ferda fortsette sørover, og etter kvart austover på E134, før han vart stansa av politiet i Øvre Vats. Alkometeret gav ingen utslag for rus. — Men sjåføren, ein mann i 40-årene, forklarte at han var trøytt. Han fekk då ei formaning om å stanse for å sove neste gong han blei trøytt bak rattet, fortel vaktsjef Britt Jorunn Løvereide ved Haugesund politistasjon. Mannen er busett i Vindafjord. Han er anmeldt for brot på paragraf 3 i vegtrafikklova, som krev at ein opptrer aktsamt og ikkje til fare for andre i trafikken. Han fekk også ein mangellapp for eit øydelagt handbrekk på bilen.

Powered by Labrador CMS