nyhende
Politiet har frigitt namnet på den omkomne i Valevåg
Politiet har frigitt namnet på den omkomne etter arbeidsulykka i Valevåg.
Det var Jan Eirik Langåker (24) fra Karmøy som mista livet i arbeidsulykken, skriver Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding.
Namnet frigis i samråd med dei pårørande.
Naudetatane rykte ut til staden med store ressursar, og det blei raskt konstatert at ein person var tatt av raset.
Annonse
– Livet hans sto diverre ikkje til å redde, og han blei erklært død på staden, seir Sjur Stava, politifaglig etterforskningsleder ved Nordsjø- og miljøseksjonen i Sør-Vest politidistrikt.
Politiet etterforskar framleis ulykka.