nyhende

Pokal til Sveio Skulekorps

Det er lenge sidan Sveio Skulekorps har delteke i konkurransar. Det skulle ein ikkje tru sidan dei tok ein 3. plass i helga.

Publisert Sist oppdatert

Grieghallen var staden og Hordablæsten konkurransen. Hordablæsten er Noreg sitt største korpsarrangement for barn og unge, og samla over 2.000 musikantar og tusenvis av publikummarar. 79 korps, 55 ensembler og 183 solistar deltok.

Sveio Skulekorps stilte i klassen generasjonskorps. Det vil seia at vaksne er med i korpset som vanlegvis har musikantar frå ni til 18 år.

Lenge sidan sist

Korpset talde 18 musikantar, men med familie var det 44 sveibuar som reiste til Bergen tidleg laurdag morgon.

— Når me deltek i konkurransar har me på oss svart vest og slips. At berre to hadde dette frå før, seier litt om kor lenge sidan det er me har konkurrert. At me skulle koma heim med pokal var difor overraskande, men veldig kjekt, seier ei stolt Lilly Helland, som er kasserar i skulekorpset.

Konkurransenerver

Spenninga blei til å ta og føla på då det nærma seg konkurransetid på scena i Peer Gynt-salen.

— Konkurransenervene kom også snikande hos enkelte. Korpset opna med ein marsj, «The Red Rock March», deretter eit stykke med fire satsar, «Four Episodes for Band» og avslutta med stykket «Blue Sky Swing». Før me gjekk frå Grieghallen fekk me høyra korps i same klasse som oss, fortel korpsleiar Ranveig Anette Hegerland.

Premieutdelinga var ikkje før under festkonserten søndag kveld. Dermed blei det enno meir spenning. Kanskje spesielt for Mats Østerli Nærum og Thilde Hegerland Christiansen som representerte Sveio Skulekorps på scena då plasseringane i klassen blei lese opp.

Jubel i salen

Det var seks korps med i klassen. Sveio skulekorps fekk 89 poeng, og var berre to poeng bak Nordbygda og Brekke samarbeidskorps som vann klassen. Øystese Skulemusikklag kom på 2. plass.

— Me jubla i salen då Sveio Skulekorps blei tildelt 3. plassen, og reiste heim stolte og krye søndag kveld med diplom og pokal, seier Hegerland.

Måndag hadde dei øving utan instrument. I staden var det feiring med pølser og kake, samt opplesing av dommarkommentarane.

— Mykje bra, og noko me kan jobba vidare med, avsluttar Hegerland.

Powered by Labrador CMS