nyhende
– Plukk opp hundebæsjen!
Femteklassingen Chris André Hansen Eikeland har ei tydeleg melding til hundeeigarar som går tur kring Sveio skule: – Plukk opp hundebæsjen!
Chris André er elevrådsleiar på barnetrinnet ved Sveio skule. Han fortel at elevane stadig finn hundebæsj rundt skulen. Det er ekkelt, særleg om ein uforvarande trakkar oppi dritten. No vil ikkje han og resten av elevrådet lenger finna seg i at hundeeigarane slurvar med bruken av hundeposar når dei går på tur.
Chris André har også snakka med rektor Lene Lier om den uakseptable framferda til hundeeigarane. Lier stadfestar overfor Vestavind at hundebæsj på skuleområdet er eit reelt problem.
Støtte frå rektor
– Særleg i haust har dette vore merkbart, kanskje fordi det har vore så mykje regn. For eit par veker sidan var det nokon som hadde trakka i hundebæsjen og dratt dette med seg inn på skulen. Det var sjølvsagt både illeluktande og ekkelt, seier Lier, som støttar initiativet frå Chris André og elevrådet.