nyhende
Planprogram for ny E39 sett
Statens vegvesen gjev ros til kommunane Sveio, Bokn og Tysvær for å ha handsama ferdig planprogrammet deira for nye E39.
– Ein ny milepæl er passert, heiter det i byrjinga av pressemeldinga frå Statens vegvesen.
Planleggingsleiar Henry Damman har tidlegare vore aktiv og halde folkemøte i dei tre kommunane om dei mogelege verknadane av nye E39. No er han nøgd med at alle tre kommunar har handsama ferdig det såkalla «planprogrammet», som set rammene for dei meir detaljerte kommuneplanane.
– I prosjektet fortset arbeidet med optimalisering og konsekvensutgreiing av dei to vegkorridorane vi har som alternativ. Vi har fått mange gode innspel og merknader så langt, både på folkemøte og digitalt, og eg håper folk fortset å engasjera seg. Ein får betre planar og resultat når fleire er involverte, seier Damman.
Vegvesenet håpar den gode framdrifta held fram for strekninga som går gjennom Sveio, Bokn og Tysvær. Totalt er det snakk om 67 kilometer med ny motorveg, og førebels står det mellom to vegalternativ.
På kommunestyremøte i Sveio den 17. juni vart planprogrammet vedteke, men med eit tilleggspunkt frå varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp). Det var at Vegvesenet skal vurdera tunnelar gjennom Førde og mellom Hope og Bømlafjordstunnelen.
– Vi set pris på den effektive behandlinga i kommunane av planprogrammet, og ser fram til eit godt samarbeid vidare, avsluttar Damman.