nyhende

Skisseprosjekt for svømmehall i Sveio mellom Vigdartun og fotballbane. Svømmebasseng 25 m med opsjon opplæringsbasseng og klubbrom. Utarbeida av Vikanes Bungum Arkitekter AS
Skisseprosjekt for svømmehall i Sveio mellom Vigdartun og fotballbane. Svømmebasseng 25 m med opsjon opplæringsbasseng og klubbrom. Utarbeida av Vikanes Bungum Arkitekter AS

Planlegging av badeanlegg og idrettshall held fram

Rådmannen si anbefaling i saka om badeanlegg, var å venta med vidare teknisk planlegging og utlegging av anbod til ein har funne ei driftsløysing, men eit fleirtal i kommunestyret har bestemt å følgja framdriftsplanen, og ikkje ta eit opphald.

Publisert Sist oppdatert

I tillegg skal det leggast til rette for idrettshall ved sidan av badeanlegget, som eit eige prosjekt. Hausten 2021 skal det bli tatt stilling til ulike driftsløysingar.

– Opne prosjekt som tutlar og går i mange år pådrar seg berre kostnadar. Dette er ei viktig presisering som sikrar framdrift i saka, sa Rune Teikari (FrP) i møtet.

Forslaget som blei vedteke kom frå Ap, FrP og dei to uavhengige, og blei vedteke med 13 mot 12 stemmer, av Ap, FrP og dei to uavhengige.

Fleirtalet har ikkje godkjent at kostnadsramma blir prisjustert med 12 millionar kroner. I ei anna sak blei detaljreguleringa for badeanlegg og idrettshall godkjent.

Powered by Labrador CMS