nyhende
Planlegg ladestasjon i Førde
Kople AS ønskjer å bygge ladestasjon for elbilar i Førde. — Det er ein fin stoppestad, med gangavstand til butikk og strand, seier Tine Holm-Hansen, marknad- og kommunikasjonssjef.
— Det vert ein god stasjon. Både fordi Førde er ein fin stad å lade, og at det er ein viktig stoppestad for køyrande i begge retningar på E39, seier Tine Holm-Hansen, marknad- og kommunikasjonssjef i Kople AS.
Ein fin stad
Plasseringa av ladestasjonen er førebels tenkt til å vere parkeringsplassen ved avkøyrselen til Førde sentrum. Kople er i byrjinga med planlegginga, så detaljane er framleis uklare.
— Me er veldig tidleg i prosessen for å seie noko konkret. På generell basis brukar det å ta eit år, og særleg nettstasjon kan ta ein stund, seier Holm-Hansen.
— Kvifor vel de Førde?
— Ladekundane ynskjer ofte å stoppe ein stad der dei kan oppleve noko anna samtidig. Førde er fint, det er ein butikk i nærleiken og gangavstand til stranda. Det er fint for elbilistane, seier Holm-Hansen.
Førde uansett
Ho vil ikkje kome med ein garanti for at den førebels plasseringa vert den endelege. Det kjem an på ein del faktorar som er utanfor deira kontroll.
Men det vert uansett Førde. Der vil dei å setje opp to såkalla lynladarar. Kvar ladar har to eigne tilkoplingar, slik at dei kan lade fire bilar samtidig.
Signala som Kople har fått frå myndigheitene så langt lovar godt.
— Statens Vegvesen er positive, så det er eit bra steg på vegen. Og no sender me ein søknad til kommunen som dei skal behandla, seier Holm-Hansen.
Ferske i bransjen
Kople AS vart oppretta i 2019, og er eigd av Ringerikskraft og investeringsfondet Cube III. Hovudkontoret deira ligg i Hønefoss.
— Me er eit ferskt selskap, seier Holm-Hansen.
Dei har ladestasjonar over heile landet, men Vestlandet har inntil nyleg vore utanfor deira satsing. Det er no i endring.
— Me er veldig interessert i å sjå meir på Vestlandet. Der har me ikkje så mykje enda, seier Holm-Hansen.
Kople er ikkje åleine om å sjå mogelegheit for ladestasjon langs E39 i Sveio.
For tida arbeidast det også ved bensinstasjonen på Haukås, som Vestavind tidlegare har omtalt.