nyhende
Plakettfest for trufaste 4Harar
Laurdag 6. november fekk medlemmer frå Sisu og Lid 4H plakettar for god innsats i klubbane sine.
Laurdag 6. november kom 43 4H-arar for å motta sine plakettar på Kløvertun, Os. 11 av desse var plakettmottakarar i fjor, 32 var frå årets kull. Totalt fekk 39 medlemmer i Hordaland plaketten i 2020, og i år er det 59 plakettmottakarar.
4H Hordaland er veldig glade for at me kunne tilby både fjorårets og årets plakettmottakarar ein plakettfest i år. Fjorårets fest måtte avlysast fleire gongar på grunn av korona, og me har vore redde for at dette kunne skje i år òg. Mange av fjorårets plakettmottakarane har flytta frå Hordaland for å gå på skule, arbeide eller vera i forsvaret, men at 11 av dei hadde moglegheit til å kome, set me veldig stor pris på, skriv 4H Hordaland på eigen nettstad.
Årets plakettmottakarar er ein veldig stor og flott gjeng som kjem frå 23 klubbar frå heile fylke. Me har blant anna plakettmottakarar frå Fjordglimt 4H i Masfjorden/ Nordhordland, Myrkdalen 4H i Myrkdalen/ Voss, Skare 4H i Skare/ Ullensvang, og Lid 4H i Sveio. Me håpar at alle har hatt fine år i 4H, og at de kanskje vil fortsette i 4H-systemet som alumnar, instruktørar eller klubbrådgjevarar.
Plakettfest
Etter middag og kaker sa ordførar Harald Rydland frå Fitjar nokre flotte ord til plakettmottakarar og tilhøyrarar, før han saman med fylkesstyreleiar Synne Røthe Sandal og 4H-ansatt Turid Sandstad Herland delte ut plakettar og vitnemål til plakettmottakarane.
Til slutt tok vår trufaste fotograf Rune Solberg, Vennskapsporten 4H på Osterøy, bilete av alle plakettmottakarane.
4H Hordaland gratulerer alle plakettmottakarar med vel gjennomført 4H-løp!