nyhende
Plaga med råning – igjen
Rånarar inntok Sveio sentrum 2. juledag.
Politiet fekk melding frå naboar i Sveio sentrum klokka 22:16, men fekk ikkje tid til å rykka ut. Det opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Nina Fagerland.
Det er ikkje første gong at sveibuen har blitt uroa av råning. Sist var for vel ein månad sidan då var det to helger på rad stor aktivitet med traktorar på grusplassen ved Sveio omsorgssenter.
– Når det gjeld julehelga elles har det gått roleg for seg i Sveio, opplyser Fagerland til Vestavind.