nyhende

Pilgrimar frå Solkroken på stall-besøk

– Då er heile pilgrimsflokken frå Espira Solkroken, 16 born og fire vaksne, skriven i mantalet, seier kyrkjelydspedagog Haldis Rolfsnes Stueland. Rundt henne står borna og trippar, no vil dei utforska stallen.

Publisert Sist oppdatert

Sist torsdag var Solkroken Espira barnehage invitert til å besøka stallen med julekrubba ved Sveio kyrkje. Kyrkjelydspedagog Haldis Rolfsnes Stueland fortalde og framførte rollespel.

I stallen fekk borna høyra heile historia om Maria og Josef som spør etter herberge, men einaste tilbodet dei fekk var ein stall. Maria ventar barn, og den natta blir Jesusbarnet fødd.

Tre vise menn

Tre vise menn blir plukka ut i flokken, får krune på hovudet og er med i spelet. Dei har med seg gåver til det vesle barnet – gull, røykelse og myrra.

Litt lenger vekke står ein gjetar som passar på sauene sine. Haldis viser fram ein engel.

– Er det Gabriel, engelen? undrast ein av gutane i flokken.

– Ja, bekreftar, Haldis. – Engelen kjem med beskjed om ei stor glede, at i dag er fødd ein Frelsar, og no passar det god å syngja «Eit barn er født i Betlehem», legg ho til.

Gjenbruk

Tilbodet om stallvisning er i regi av Sveio kyrkjelyd, og er eit alternativ til andre aktivitetar som ikkje kunne gjennomførast grunna koronapandemien.

Stueland har laga det meste av kostymene. Ho fortel det er stort sett stoff frå Gjenbruksløa ho har nytta, blant anna to blå dukar som har blitt klesdrakten til Maria, og ein sau som eigentleg har vore son hennar sin leike-dinosaur.

– Eg likar godt å bala med slike ting, då blir eg kreativ på andre felt, smiler kyrkjelydspedagogen.

Eit laminert bilde med juleevangeliet og ein salme, skal også hengjast opp i stallen.
– Me vil oppfordra familiar til å ta turen til stallen, og gjerne lesa juleevangeliet og syngja songen, seier Stueland.
Powered by Labrador CMS