nyhende

Dei siste tre åra har ei auka mengd perlesnormaneter vorte observerte i perioden oktober til januar. I 2023 fekk innsiget store følgjer for oppdrettsfisk.
Dei siste tre åra har ei auka mengd perlesnormaneter vorte observerte i perioden oktober til januar. I 2023 fekk innsiget store følgjer for oppdrettsfisk.

Perlesnormanet drap millionar av fisk

Perlesnormaneta har skadd og teke livet av fisk langs heile kysten. No skal forskarane i prosjektet JellySafe sjå på korleis ein kan unngå at det skjer igjen.

Publisert Sist oppdatert

– Heile poenget med forsking er å undersøkje ting vi ikkje veit, men perlesnormanet-situasjonen er heilt unik. Det er uvanleg kor lite vi veit om nokon som har hatt så stor innverknaden på fiskebestanden, seier havforskar Tina Oldham ved Havforskingsinstituttet (HI) til HI sine nettsider.

Enorme konsekvensar

Då hausten gjekk over til vinter i fjor, kom store mengder perlesnormanet drivande mot norskekysten. Konsekvensane av den uønskte gjesten vart enorme.

Fleire millionar oppdrettsfisk døydde truleg som følgje av manetinnsiget, gjekk det fram av ein rapport frå HI. I møte med bølgjer, turbulens og fysiske barrierar vert manetkoloniane brotne opp, og desse små bitane kan trengje inn i oppdrettsmerdar.

Farar som kjem drivande

Dette skjedde igjen og igjen i oppdrettsanlegg langs kysten, og røktarane stod makteslause att.

– Vi manglar både kunnskapen og infrastrukturen som førebur oss på å møte slik skadeleg plankton, seier Oldham.

No skal ho leie eit heilt nytt forskingsprosjektet som skal ruste oss mot farar som kjem drivande med havstraumane. Prosjektet JellySafe fekk nyleg tildelt 35 millionar kroner frå Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF).

Powered by Labrador CMS