nyhende

Her er det no komen hundepark. Biletet er frå då barnehagen framleis var open.
Her er det no komen hundepark. Biletet er frå då barnehagen framleis var open.

– Perfekt område for hundepark

Gamle Bråtveit barnehage har fått nytt liv, eit hundeliv! Urd Hjelmeseter opna i det stille måndag det tidlegare barnehageområdet til hundar og hundeeigarar. – Har nok vore eit sakn i Sveio, seier Hjelmeseter.

Publisert Sist oppdatert

Det var ikkje ein storslagen opningsseremoni, men endeleg har kommunen fått ein hundepark.

– Det var berre eit innfall og ein idé. Eg laga nokre lappar og skreiv informasjon på dei. Eg kunne ikkje opna før dei var hengde opp, seier Urd Hjelmeseter.

Mange interesserte

Umiddelbart var det stor respons fortel Hjelmeseter.

– Mange medlemmar melde seg inn, heile 165 stykk på ein dag. Og så tok ordføraren og sende meg melding kor han sa det var bra initiativ, og at han visste det var mange som kom til å gleda seg over dette, seier ho.

Opphaveleg er ideen om hundepark noko som kjem frå ei anna, forklarar Hjelmeseter. Ho har sjølv ikkje hund, men er med i styret for bedehuset i nærleiken, og har no teke på seg rolla som kontaktperson for hunderparken.

– Det er jo eigentleg eit barnehageområde, så det er eit perfekt område med port og høge gjerder. Og det er eit veldig stort område, seier ho.

For store og små hundar

Forutan å fjerna nokre leiker som var der saman med barnehagen, har det ikkje vore utført nokre tiltak. Hjelmeseter er berre glad for at det no kjem meir aktivitet der.

– Me vil jo ha liv i bygget og området, seier ho.

Hundeparken kjem til å vera open alle dagar, men ikkje for alle hundar. Måndag, onsdag og fredag er den open for såkalla «små hundar» frå 10 kilo og lettare, og tysdag, torsdag og laurdag er den open for store hundar over 10 kilo. Søndag vert delt dag kor dei små hundane får parken frå klokka 07.00 til 15.00, og dei store hundane resten av dagen.

– Det har nok vore eit sakn i Sveio å ha ein stad ein kan sleppa laus hunden. Nokon dreg jo til Haugesund eller Stord for å gjera det, seier Hjelmeseter.

Powered by Labrador CMS