nyhende

Rophus leikeplass
Her skal den nye føysa kome på leikeplassen.

Pengar til Rophus-leikeplass

Sveio kommune godkjende Rophus Velforening sin søknad om stønad. No får dei pengar frå kommunen til å utbetra leikeplassen sin.

Publisert Sist oppdatert

Kulturavdelinga i Sveio kommune har ein gladnyheit til barna på Rophus. No får velforeininga stønad til å setja opp ei ny føyse på leikeplassen.

I vedtaket frå kommunen heiter det:

— Rophus Velforening får inntil 21.209 kroner til føysestativ.

Noverande føyse er i eit gamalt trestativ. Den skal skiftast ut med eit meir moderne stativ laga i stål som inneheld to føyser og eit såkalla fuglereir.

Velforeininga har motteke stønad, men må framleis betala halvparten av utgiftene sjølv.
Ifølgje søknaden vil tiltaket ha ein totalkostnad på om lag 42.427 kroner, og velforeininga skal finansiera det med dugnad og eigne midlar.

Powered by Labrador CMS