nyhende
Påverka sjåfør stengde Bømlafjordtunnelen
Politiet stengde måndag kveld Bømlafjordtunnelen. Ein rusa sjåfør køyrde fleire gonger over i motgåande køyrebane og inn i autovernet.
Det vart eit umiddelbart beslag av førarkort då politiet fekk stansa ein vinglande bil måndag kveld.
Ein sjåfør var på veg sørover mot Sveio gjennom Bømlafjordtunnelen og køyrde i påverka tilstand. Fleire gonger skal bilen ha skrapa borti autovernet langs sidene i tunnelen, og svinga over i motgåande køyrefelt.
Difor valde politiet å stenga tunnelen i ein kort periode.
– Det var ei kvinne heimehøyrande på Stord. Ho var påverka av narkotika, seier Håkon Tornes, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Annonse
Kvinna vart teken til legevakta for blodprøvar. Bilen vart henta av bergingsbil, og sak er oppretta.