nyhende
Påskeverkstad i barnehagen
Påskeharar, påskekyllingar, påskeegg og påskebollar. Under årets påskeverkstad har ungane i Bua kultur- og friluftsbarnehage laga store mengder påskepynt.
Idet Vestavind set foten innanfor døra i barnehagen, er ungane i full sving med påskeaktivitetane: Det ligg perler på golvet, og borda er dekte med fargeblyantar, måling, limpistolar, gult papir og fjører.
Ein frisk og munter barnehagestøy har breidd seg jamt i lokalet og understrekar at ungane gleder seg over påskeverkstaden.
Ulike stasjonar
Ungane er fordelte på ulike stasjonar. Nokon sår karse i glaskrukker, nokon bakar påskebollar forma som harar, medan andre lagar påskekyllingar av ull, isoporegg og turkerullar.
Når Vestavind spør ungane om dei synest det er kjekt, smiler dei og nikkar.
På bakestasjonen hamnar ikkje alle bollane på steikebrettet – maulinga av gjærdeig og rosiner kjem steikinga i forkjøpet.
Fri utfalding
Silje Huse, som er dagleg leiar i barnehagen på Bua, fortel at påskeverkstaden er ein god måte for borna å utfalda seg på.
— Me grip minst mogleg inn i det ungane gjer, for me ynskjer at dei skal få sett sitt personlege preg på det dei lagar. Dei skal få utfalda seg fritt og vera kreative.
Torsdag før palmehelga er det påskelunsj for borna. Dei skal òg ut for å sjå om det ligg nokre godsaker i reira dei har laga og plassert oppe i skogen.
Farvel
Etter kvart forlèt Vestavind barnehagen. Når journalisten lukkar porten etter seg, kjem det eit «farvel» frå den andre enden av uteområdet:
— Ha det på badet, din gamle sjokolade!