nyhende
Påsketradisjonar jorda rundt
Gløym kvikklunsj og appelsin. Andre stader i verda er påske både grønt øl, vasskrig, pisking og pungdyr.
Italia
I Firenze feirar dei den 350 år gamle tradisjonen Scoppio del Carro, eller «eksplosjon av vogna» påskesundag. Ei stor vogn fylt med fyrverkeri blir trekt av kvite oksar mot Basilica di Santa Maria del Fiore, og ved slutten av messa tenner erkebiskopen lunta på fyrverkeriet.
Viss alt går så spektakulært som planlagt, blir det rekna som eit lykketeikn for det kommande året.
Tsjekkia
På «Grøn torsdag» (Zelený čtvrtek), dagen før langfredag, lagar fleire tsjekkiske bryggeri grønt øl, men somme pubar tilsett like godt grøn konditorfarge i vanleg øl. Dei mindre drikkfeldige nøyer seg med berre å ete grønsaker på denne dagen.
Sicilia
I tradisjonen Abballu di li Diavuli ber utvalde lokale masker og kler seg i raudt og gult for å representere djevelen og døden. Dei plagar så mange «sjeler» dei kan for å få dei til å betale med pengar, vin eller snop.
Australia
Ettersom kanin er rekna som skadedyr i Australia og landet i 1991 lanserte kampanjen Kaninfritt Australia, er påskeharen no i mange høve erstatta med ein påskebilby. Bilby er eit utryddingstruga australsk pungdyr, som liknar på ein bitteliten kenguru.
New Zealand
Jakt på kaninar er påskesport nummer ein i Alexandra på New Zealand, for til liks med i Australia, gjer villkaninane stor skade også der. Målet med Central Otago Great Easter Bunny Hunt er å redusere kaninbestanden og auke det opphavlege, biologiske mangfaldet.
Hellas
I dagens Hellas finn du framleis egg raudfarga med urta Rubia i påska. På Korfu kaster dei dessutan ut leirgryter frå vindauga og balkongane på påskeeftan. Somme meiner knusinga ønskjer våren velkommen og symboliserer at komande avlingar skal samlast i nye gryter.
Sverige og Finland
Hekser har ein lang tradisjon i svensk og finsk påskefeiring, ved at ungane kler seg ut som påskehekser og går dør til dør og får påskegodteri. Svenskane kallar det å gå påskkärring. Tradisjonen skal stamme frå eit segn om ei heks som flaug på sopelime til Blåkulla (Bloksberg) for å feste med djevelen.
Storbritannia
Isle of Man, Nord-Irland, Skottland og Nord-England har tradisjon for å rulle hardkokte egg ned skråningar og bratte bakkar i påska. Om egget ikkje blir skadd undervegs, kan ein vinne pengar eller hell.
Filippinane
Krossfestinga av Jesus er blodig alvor på langfredag i dagens katolske Filippinane. Spelet Senakulo blir til dømes avslutta med at minst tre friviljuge personar (magdarame) blir krossfesta. Andre ber på tunge trekrossar og piskar seg sjølv til blods. Den katolske kyrkja stør ikkje opp under praksisen.
Polen
Śmigus-dyngus, eller våt måndag, som den heiter, er ein romersk-katolsk tradisjon. I Polen kastar folk vatn på kvarandre. Historia vil ha det til at jenter som blir våte på Śmigus-dyngus, kjem til å gifte seg i løpet av året. I Ungarn og Romania ber gjerne gutane om lov til å dusje jentene med parfyme eller parfymert vatn.
Frankrike
I landsbyen Bessières lagar dei omelett av meir enn 15.000 egg påskedagen. Kjempeomeletten har røter i ei legende om Napoleon, som skal ha stoppa og ete omelett på reisa si gjennom Sør-Frankrike. Napoleon likte omelettane så godt at han beordra innbyggjarane til å samle alle egg dei hadde og lage ein gigantisk omelett til hæren sin.
Papua Ny-Guinea
Påskesjokolade ville aldri ha overlevd varmen på Papa Ny-Guinea. I staden henger dei opp tobakk og sigarettar i nærleiken av kyrkjene, og gir dette som gåver til kyrkjelyden etter gudstenesta påskedagen.
Spania
I mellomalderbyen Verges startar skjelettprosesjonen alltid ved midnatt skjærtorsdag og varar i tre timar. Under «Dansa de la mort» er dei dansande kledd som skjelett, og heile prosesjonen blir avslutta med skjelett som ber kasser med oske.
Guatemala
Teppelagde påskegater har gjort Antigua verdsberømt. Dei fargerike og forseggjorde teppa er laga av blomar, farga sagflis, frukt, grønsaker og sand, og blir kalla Alfombras. Kvart teppe har ofte scener frå religion, maya-tradisjonar eller guatemalansk historie. Teppa kan vere mange hundre meter lange og må vere klare til langfredagsprosesjonen.
Etiopia
Ettersom Jesu død og oppståing er viktigare enn fødselen hans i ortodoks og etiopisk evangelisk teologi, er påska, eller Fasika på amharisk, viktigare enn julefeiringa. I dei 55 dagane fram til påskeeftan følgjer dei truande mellom anna ei 55 dagar lang faste, der dei ikkje et kjøtt eller meieriprodukt.