nyhende
– Påska kan bli ei tid med litt for mange fridagar
Påska er i gang, og for mange blir dagane brukte på heilt ulike måtar. Me i Vestavind har spurt ulike sveibuar om korleis påska deira ser ut.
– Feirar du påske?
– Nei, eg feirar eigentleg ikkje påske. Eg tek fridagane, men har ikkje noko særleg forhold til påska.
– Kva skal du i påska?
– Eg skal vera heime og slappa av. Etter at eg vart pensjonist har eg eigentleg kjent at påska kan bli ei tid med litt for mange fridagar.
Annonse
– Har du nokre påskefavorittar?
– Det må vera å sjå engelsk påskekrim.
– Kva er ditt beste påskeminne?
– Det eg først og fremst forbind med påska, er barndommen då me pynta med egg heime og hadde eggekoking som tradisjon 1. påskedag.