nyhende

Ernst Lie t.v., Torleif Bjelland og Paul Mølstre, alle medlemmer i seniorgjengen i Sveio idrettslag, håpar at folk vil nytta dei nye pantebuene som nå er plassert ved Coop Extra og Kiwi Sveio.
Ernst Lie t.v., Torleif Bjelland og Paul Mølstre, alle medlemmer i seniorgjengen i Sveio idrettslag, håpar at folk vil nytta dei nye pantebuene som nå er plassert ved Coop Extra og Kiwi Sveio.

Pantebuer til inntekt for idrettslaget på plass

Sveio idrettslag har fått på plass to pantebuer, plassert ved Kiwi Sveio og hos Coop Extra i Sveio sentrum. Seniorgruppa i Sveio IL står bak arbeidet.

Publisert Sist oppdatert

Sveio IL ser på alternative metodar for å få inn pengar til idrettslaget. Dei har nå sett opp to pantebuer der folk kan levera frå seg tomflasker. Oppfordringa er å gje panten til idrettslaget.

– Det er ein enkel måte å bidra på, slik at me kan halda fram å gje eit godt tilbod til barn og unge, seier Torleif Bjelland, formann i husstyret for Sambrukshuset og medlem i seniorgruppa. Idéen kom frå han sjølv og leiar i Sveio idrettslag, Lillian Rommetveit.

Bygd i seksjonar

To karar i den aktive seniorgjengen i idrettslaget, Ernst Lie og Paul Mølstre, har snikra dei nye pantebuene på dugnad. Tømrarlaget Rossehaug & Bøe har sponsa med materialar og tilbehør.

– Mesteparten av arbeidet blei gjort heime i garasjen hos meg. Me bygde buene i seksjonar og malte, før me frakta og skrudde alt saman på anvist plass, fortel Ernst Lie, busett på Åse.

Gamingrom?

På forsommaren var alt klappa og klart. Nå er også opplysningsskilta på plass og buene har byrja å bli fylt opp med tomflasker, noko som lovar godt.

– Pantepengane er ikkje øyremerka spesielt, men eit overordna mål er at midlane skal gå til Sambrukshuset og ungdom som fell utanfor lagidretten, opplyser Bjelland. Han legg til at han ser særleg behov for eit gamingrom på Sambrukshuset.

Sveio idrettslag har inngått avtale med verksemda Infinitum om levering av flaskepanten til resirkulering. Frivillige lag og foreiningar over heile landet nyttar av dette tilbodet.

Powered by Labrador CMS