nyhende
Påkøyrd vilt sprang vidare
Onsdag kveld fann ein viltpåkøyrsel stad langs Tittelsnesvegen.
– Påkøyrselen skjedde klokka 22.21, seier Nina Fagerland, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Onsdag kveld vart det nok ein viltpåkøyrsel langs Tittelsnesvegen. Politiet fekk melding om at det er ein hjort, men dei er ikkje sikre.
– Dyret sprang vidare etter påkøyrselen. Viltnemda er varsla, seier Fagerland.
– Korleis gjekk det med sjåfør og kjøretøy?
Annonse
– Bilen er framleis køyrbar, svarar ho.