nyhende

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Påkøyrd hjort låg midt på E39

Både politiet og viltansvarleg i Sveio kommune fekk telefonar om eit påkøyrd dyr på E39 tysdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Dyret, ein hjort, låg på E39 mellom Fjontunnelen og avkøyringa til Fjon. Sjølv om hjorten låg midt i vegen i sperrefeltet, kom det brått på i mørket i 80-sona. Politiet varsla Vegtrafikksentralen, som skulle sørga for å få fjerna dyret.

Samstundes fekk Dagfinn Bjørge, viltansvarleg i Sveio kommune, fleire telefonar om det same dyret. Han sende derfor ut folk på ettersøk til Fjon. Dei fann ikkje noko dyr, men det er truleg fordi hjorten alt var henta av vegvesenet.

Powered by Labrador CMS