nyhende

Politiet fekk laurdag melding på at ein elg var påkøyrd nord i Sveio. Dyret, som kanskje var ein hjort, blei ikkje funne.
Politiet fekk laurdag melding på at ein elg var påkøyrd nord i Sveio. Dyret, som kanskje var ein hjort, blei ikkje funne.

Påkøyrd elg var kanskje hjort

Ved 07.00-tida laurdag morgon fekk politiet melding om kollisjon mellom ein bil og ein elg på E39 nord i Sveio. I ettertid er det reist tvil om det kanskje heller var ein hjort.

Publisert Sist oppdatert

Mannen som melde frå om kollisjonen var av utanlandsk opphav. Vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Nina Fagerland, seier meldinga gjekk ut på at det var ein elg. Ho utelukkar likevel ikkje at språkproblem kan ha ført  til ei samanblanding mellom elg og hjort.

Ifølge meldinga til politiet blei ingen personar skadde, og dyret så ikkje ut til å vera alvorleg skadd. Bilen blei derimot påført ein del skader.

Viltnemnda i Sveio blei varsla, og det blei sett i gang søk etter skadd dyr. Korkje elg eller hjort blei funnen, blant anna fordi det ikkje var oppgitt eksakt posisjon. Det lukkast heller ikkje å få tak i meldaren for å få vita meir om kor samanstøyten skulle ha skjedd.

Eirik Østerhaug er ein av Sporhundsentralen sine folk som rykker ut når det blir meldt om påkøyrd vilt. Han var ikkje med på søket i Sveio laurdag, men seier på generelt grunnlag at folk som melder frå om kollisjon med dyr ofte er utsikre på om det er rådyr, hjort eller elg dei har køyrd på.

Som kjent er hjort mest vanleg i Sveio, men i haust er streifdyr av elg blitt observert fleire stader på Haugalandet og også i Sveio.

Powered by Labrador CMS