nyhende

dekkskift
– Vinterdekkseongen har byrja, konstaterer Håkon Hansen Ureta hos Haukås Dekk og Fritid AS.

Pågang hos dekkskiftarane denne veka

Torsdag melde Kong Vinter sin ankomst og mange fann det klokast i å skifta dekk, først som sist.

Publisert Sist oppdatert

– Vinteren kom eigentleg ikkje så veldig overraskande, dette var jo heilt etter vêrmeldinga, nikkar Øystein Bjelland. Me treff han på Haukås, klar til å køyra ut frå Haukås Dekk og Fritid AS, der han har fått skifta dekk.

Øystein Bjelland er blant dei mange som denne veka har skodd bilen sin for vinterføre.

Som distriktssjef for Volvo maskin, er Bjelland avhengig av bilen når han fartar rundt i heile Rogaland og Sunnhordland. Jobben hans består i å serva entreprenørar med anleggsmaskinar –  både nytt og brukt.

– Det blir mykje køyring, rundt 35 000 – 40 000 kilometer i året, konstaterer Bjelland som er svært bevisst på å få skikkelege dekk på bilen. Han køyrer piggfritt, såkalla vinterdekk.

– Det er som regel dei anbefalingane Thor (Kinn jour. anm.) kjem med, og det har vore suksess for min del, fastslår Bjelland.

Stor pågang heile veka

Inne i verkstaden har haugen med brukte og nye dekk byrja å veksa.

– Det har vore travelt heile veka, folk ringjer og vil ha dekkskift, det er tida for det no, fastslår Thor Kinn. Han har ein god mann med seg på laget.

– Eg har vel skifta nokre tusen dekk i løpet av dei tolv-tretten åra eg har jobba her på Haukås, trur Håkon Hansen Ureta og vrengjer kjapt av eit dekk på ein felg. Snart er han i gong med hjul nummer to.

Powered by Labrador CMS