nyhende
Paddevegen stengt i eit par veker
Paddevegen er stengt på grunn av teleløysing, melde Sveio kommune på si nettside før helga.
– Det kan ta mellom ei og to veker før vegen blir opna igjen, fortel einignsleiar Frederik Flood i kommunen si drifts- og vedlikehaldsavdeling.
Flood forklarar at det er behov for grusing og vedlikehald av grøfter og stikkrenner ved Paddevegen før det igjen er forsvarleg å opna vegen for trafikk.
– Me jobbar så fort me kan, men det tar tid å få gjort det arbeidet som er nødvendig, seier Flood.