nyhende
På veg mot Oslo Horse Race
Sveioryttaren Patrick Reine Severinsen held fram med å samla poeng for å kvalifisera seg til Oslo Horse Race til hausten.
Sist helg kom både Patrick og søstera Victoria Reine Severinsen heim frå Drammen med kvar sin fjerdeplass etter å ha deltatt i landsmeisterskapen i sprangriding.
Høgda avgjer
I sprangriding er det ingen alders- eller kjønnsbaserte klassar. Deltakarane konkurrerer berre ut frå høgda på hindera. Patrick konkurrerte i klassen for 120 centimeter hinder, Victoria i klassen for 80 centimeter.
Til helga skal Patrick delta i eit elitestemne i Sandnes, og helga etterpå skal han saman med fleire ryttarar frå Sveio delta på rogalandsmeisterskapen på Frakkagjerd.
Annonse
Samla poengsum
Det er samla poengsum gjennom heile året som gir grunnlag for deltaking i Oslo Horse Race. Dei 30 beste får delta, forklarar lagleiar Trond Severinsen.