nyhende
På veg mot målet
Sveibuen Ingrid Kindlihagen frå Haugaland Klatrelag har starta årets internasjonale sesong. Dei to siste helgene har ho delteke på World Cup i buldring i Tokyo og Seoul.
Den første World Cup-konkurransen i Tokyo blei ein nedtur. I helga var det konkurranse i Seoul. Det blei ein bra opptur med 35. plass og små marginar for å kvalifisere seg til semifinale og finale.
— Med «2 topp og 3 soner» og marginalt frå 3 topp, er Ingrid no med og kjempar om semifinaleplassar. Noko som er eit klart mål for dette året, melder Anders Kindlihagen.
Sesongen held no fram med eit tett program med World Cup, European Cup, European Games, VM og forhåpentlegvis kvalifiseringskonkurranse for OL i Paris 2024.