nyhende

På skeiser gjennom halve Sveio

Klokka ni om morgonen hadde dei skeisene på seg og starta turen på Kalandsvatnet ved fylkesgrensa i sør. Vel sju timar og 33,3 kilometer seinare var dei i mål på Tjernagel etter å ha gjennomført det som kanskje var Haugalandets lengste skeisetur.

Publisert Sist oppdatert

– Me skeiste over 16 større og mindre vatn. Ein fantastisk tur. Sveio er unik på den måten at me har så mange vatn som ligg tett i tett, seier Helge Elias Tveit.

Det var onsdag han gjennomførte skeiseturen saman med sin kamerat og kollega Sigleif Myklebust Ravnestad og dei to jakthundane sine Sjakk og Vega.

– Me kjenner det nok litt i kroppen, men turen var nok krevjande for hundane også. Dei drog ein god del i starten. Mot slutten var dei ganske slitne, fortel Tveit vidare.

Snittfart på åtte km/t

Turen starta altså på Kalandsvatnet og gjekk vidare til Sandvatnet, Kvernavatnet, Stakkestadvatnet, Vigdarvatnet, Liavatnet, Nesevatnet, to Moldbrekkevatn, Rødvatnet, Kvednavatnet, Breiavatnet, Grasdalstjørna, Emberlandsvatnet, Kinnavatnet og til slutt Storavatnet. Stort sett var dei åleine på isen, berre på Kvednavatnet ved Tveita såg dei andre folk som var ute.

– Me hadde planlagt turen slik at me ikkje skulle gå meir enn 500 meter mellom kvart vatn, fortel Tveit.

Den lengste distansen på isen var på 9,2 kilometer, over Vigdarvatnet. Ved Vigdarvatnet hadde dei også den lengste pausen sin undervegs. I tillegg blei det mange stopp og mindre pausar. Loggen deira viser at dei var i rørsle litt over fire timar. Snittfarten deira var åtte kilometer i timen og toppfarten 28,4 kilometer i timen.

– Me likar jo å konkurrera litt. Då me nærma oss Tjernagel på Storavatnet, utfordra eg til sluttspurt. Det var då me nådde toppfarten, fortel den friluftsinteresserte sveibuen.

Tenkte tryggleik

Tveit og Ravnestad er begge tilsette i Haugesund brannvesen. Dei er vane med å tenkja tryggleik, og tok ingen sjansar under langdistanseløpet på skeiser.

– Me målte kor tjukk isen var på alle vatna. På dei små vatna var han mellom 22 og 25 centimeter. På dei store vatna låg det fin stålis på mellom 14 og 16 centimeter. Me passa også på å gå utanom elveosar og andre stader der det kunne vera fare for usikker is. Den skumlaste plassen var mellom Stakkestadvatnet og Vigdarvatnet, fortel Tveit.

Dei to var også utstyrte med flytevestar, ispiggar og tau, om noko skulle gå galt.

Ser fram til nye turar

Det er ikkje første gongen Helge Elias Tveit har vore ute på langtur i Sveio-naturen. For nokre år sidan gjekk han og sambuaren på ski frå Skarstad i sør til Tittelsnes i nord. Sveio på langs, med andre ord. Då starta dei ved 07.00-tida om morgonen og var framme klokka 23.00.

No har Tveit bestilt seg nye turskeiser og er klar for nye eventyr på isen. Kanskje blir det ein tur på sjøisen, for eksempel Skjoldafjorden, neste gong. Eller like gjerne vatna i Etnefjella.

Powered by Labrador CMS