nyhende
– På sikt blir det overtaking av resten av garden
Kva valde du i 10. klasse, korleis har yrkeslivet vore, og kva gode råd har du? Det er nokre av spørsmåla i serien «Yrkesval».
– Kva linje- eller yrkesval gjorde du i 10. klasse og kvifor?
– Tre år på landbrukslinja på Tveit vgs. Eg er oppvaksen på gard og ønskte å overta drifta heime.
– Kva vidare utdanning har du tatt etter det?
– Eg har inga vidare utdanning etter vidaregåande.
– Kva jobbar du med i dag, og korleis har vegen dit vore?
Annonse
– Eg jobbar i dag som ammekubonde. Tidlegare har eg jobba som avløysar der eg fekk med meg god erfaring og tips frå andre som hadde satsa på landbruk. På sikt blir det overtaking av resten av garden.
– Kva er ditt beste råd til 10. klassingane som snart skal søka vidare utdanning?
– Ikkje høyr på kva andre meiner er vegen for deg å gå. Sats på noko du likar, så ordnar det meste seg sjølv etter kvart.