nyhende
På rundtur med bokgåver
Biblioteksjef Kristine Thorkildsen hadde bagasjerommet fullt av tøyvesker – 25 i alt – då ho kom på besøk til Sveio barnehage.
Kvar av veskene inneheldt tre bøker og utgjer det såkalla tøyveskebiblioteket. Sveio barnehage og Solkroken barnehage er med i pilotprosjektet «Bokstart», der føremålet er å stimulera til leseglede i dei yngste aldersgruppene.
25 tøyvesker til kvar
Det inneber mellom anna at dei to barnehagane får 25 tøyvesker kvar. Kvar veske inneheld tre bøker. Dei er ulike frå veske til veske og tilpassa ulike alderstrinn. Barna kan låna veskene med seg heim etter tur. Desse Vestland fylkesbibliotek er initiativtakar, og Sveio folkebibliotek er eitt av eit titals bibliotek i fylket som er med i prosjektet, som Thorkildsen også fortalde om i Vestavind sist veke.
Under besøket i Sveio barnehage tok biblioteksjefen seg også tid til ei lesestund med barna, og fekk god kontakt med publikummet sitt.
– Dette er veldig bra. Me har etterlyst eit tettare samarbeid mellom barnehagane og biblioteket, på line med det skulane har, seier barnehagestyrar Kristin Tveit Beiermann til Vestavind.
– Viktig for språkutviklinga
Biblioteksjefen var også innom helsestasjonen i Sveio sentrum måndag og overrekte bøker til eitt- og toåringar.
– Me snakkar faktisk myke med foreldre om tidleg lesestart, både her og i barselgrupper. Då er det fint å få desse flotte bøkene til utdeling, seier helsesjukepleiar Grethe Natås.
Det er rundt 60 barn på kvart av dei yngste årstrinna som vil få glede av desse gåvene. I tillegg til den sosiale kontakten mellom barn og foreldre som oppstår under høgtlesing, meiner Natås lesinga er ein viktig del av språkutviklinga til barna.
Bøkene Thorkildsen hadde med seg til utdeling ved helsestasjonane, var «Revungen» for eittåringane og Kari Stai si bok om Mopp og Mikko til toåringane.
Kommunal satsing
– «Revungen» er ei rein bildebok. Her kan foreldra laga forteljinga sjølve, og på kva språk dei vil. Boka om Mopp og Mikko har korte tekstar – på nynorsk – poengterer Thorkildsen.
Eittårsboka har biblioteket fått gratis frå Foreningen !les. Boka til toåringane har Sveio kommune kjøpt inn som eitt av fleire tiltak for å styrka leseopplæringa og lesegleda blant barna.