nyhende
Overskriding på 9,5 millionar
Utbygginga av Sveio skule blir dyrare enn venta. Rådmann Jostein Førre kunne torsdag kveld informera formannskapet om ei overskriding på 9,5 millionar kroner.
Då utbygginga blei vedtatt, blei kostnadsramma sett til 95 millionar kroner. Rådmannen hadde ei lang liste over årsaker til at denne kostnadsramma nå er sprengt. I hovudsak skuldast det at vedlikehaldsbehovet ved den gamle bygningen har vist seg å vera større enn venta. Solcellepanel er også ein del av overskridinga.
– Dette er svært alvorleg, kommenterte Rune Teikari (Frp), som mellom anna spurde om noko av overskridinga kunne takast inn, mellom anna på uteområdet.
Dette er det små sjansar til nå, meinte rådmannen.
Ikkje ferdig til juni
Kostnadssprekken er ikkje den einaste utfordringa. Hovudentreprenøren har varsla om at dei neppe blir ferdig innan først i juni, som målet var.
– Nå blir det venteleg jobbing utover hausten, seier rådmannen.