nyhende
Overraskande respons for minnestein
– Responsen for å få på plass ein minnestein over dei sju borna som drukna i 1870, har vore veldig overraskande, fortel Arne Aage Valen.
Minnestein og benk er på plass ved Valen kapell, og målet om å samla inn 15 000 kroner er innfridd og vel så det. No er det berre minneplaketten som manglar.
– Me er veldig nøgde med resultatet, fortel Arne Aage Valen.
Det var under arbeidet med registrering av gamle gravminner at han og Martin Haugsgjerd kom på ideen om å starta ein Spleis for å få på plass eit verdig gravminne etter dei sju som drukna på Mjånes. Borna blei lagde i fellesgrav ved Valen kapell.
Stein frå Solås
Minnesteinen har tidlegare fungert som gjerdepåle i skiftegrensa på garden Solås, og det er Martin Haugsgjerd som har frakta steinen frå eigen gard og fram til Valen kapell. Steinbenken kjem frå steinbrotet til Vassbakk & Stol AS i Valevåg, som også har spandert grusen som har gått med til planering.
Så langt har initiativtakarane ikkje lagt ut ei krone. Alt har vore dugnad og gåver. Det som kostar er bronseplata med alle namna på, pluss litt tekst, som skal monterast på minnesteinen. Denne plata er bestilt frå Danmark.
– Me vil retta ei takk til Vassbakk & Stol – det var hyggelege folk å ha med å gjera – og me er svært takksame for det me har fått, seier Valen.
Målet nådd
Tysdag 18. mai hadde 35 givarar bidratt til ein innsamla sum av 15 250 kroner, og enda er det 12 dagar igjen av spleisen. Målet var å samla inn 15 000 kroner. Spleisinnsamlinga skjer digitalt via SpareBank1. Ifølgje Valen har fleire sett inn på bankkonto, som igjen er overført til spleisen.