nyhende

Overraska med Flokehytte på opningsdagen

Tre kompisar frå Stord overraska fruene sine med overnatting i den største Flokehytta på opningsdagen. Det blei full suksess på alle måtar – nytt besøk på Ryvarden er alt bestilt.

Publisert Sist oppdatert

Det var i dette området, for meir enn 1100 år sidan at Ramna-flòke bygde ein varde, seinare eit kjend landemerke. Kulturfyret har sørgja for aktivitet i mange år, no styrkar dei attraktive Flokehyttene posisjonen til Ryvarden.

Ute for å sjå sola gå ned vest i havet. F.v. Ørnulf Botnen, Gudny Eldøy Kydland og Berit Agasøster.

Misunnelege blikk

– Me fekk ein del misunnelege blikk frå dagsturistar då me kom berande med bagasjen. Me følte oss privilegerte, seier Magne Kydland.
Det var berre fem bestillingar som kunne gå gjennom til opningsdagen, stordabuen var ein av dei heldige, heilt tilfeldig.

– Eg hadde notert dato og klokkeslett for lansering i kalenderen, og var klar. Systemet braut som kjend saman, bookingsida stod og spant. Eg lot denne fana stå, og sjekka den igjen etter to og ein halv time. Då var det eit bookingskjema der. Eg fylte det ut og gjorde eit forsøk. Før eg visste ordet av det, hadde eg booka den siste – og den største hytta, fortel Kydland på telefon.

Blåtur

Planen var eigentleg å bestilla ei av dei mindre hyttene og overraska kona, men sidan Horda-Kåre har 10 sengeplassar, blei fleire inviterte med. Men det var ikkje alle som fekk vita om kva som skulle skje.

Det blei tatt mange bilde ut dei store vindauga. Her tek Ernst Reinhard Lim (t.v.) og Beir Agasøster bilete av danskebåten.

– Eg kontakta to kompisar, og sjekka om dei var ledige. Eg fortalde om opplegget, som måtte haldast hemmeleg for damene, slik at det blei ein god gammaldags blåtur på opningsdatoen. oppsummerer Kydland.

Mykje bagasje

To av karane tok på seg jobben med å handla mat og frakta bagasje og det heile ut til svaberga, ein tur på rundt to kilometer Det viste seg å bli ein tøff tur på grusvegen, men slik måtte det bli.
Tredjemann som plukka opp dei tre damene, køyrde innom både Føyno og Straumøy på veg til Mølstrevåg, der bilen blei parkert.

Mållause

Sjølv om det blei litt styr at to mann bar saker og ting til seks personar, var alt verdt det til slutt.

– Det som kanskje var mest perfekt var reaksjonen frå damene då dei kom inn og såg utsikta. Dei var heilt mållause, eg var nesten litt mållaus eg også, seier Kydland. Det at det var første gongen nokon brukte hytta, var ein ekstra dimensjon.

Kydland har alt bestilt neste besøk i september 2021, og funderer på eit midtvekebesøk ein gong før det også.

– Her er det fascinerande å bu, uansett vêr. Naturen er unik og vill, eg trur ein har like bra oppleving i ruskevêr som fint vêr. Prosjektet er unikt, ein må berre berømma dei som har fått det til, seier Kydland.

Powered by Labrador CMS