nyhende

tingrett lagmannsrett
Det var i fjor haust at mannen vart dømt i Haugaland og Sunnhordland tingrett

Overgrepsdømt har anka til lagmannsretten

Saka om ei påstått seksuell handling utan samtykke i Sveio i 2021, kjem opp for Gulating lagmannsrett i februar.

Publisert Sist oppdatert

I fjor haust blei ein Sveio-mann dømt til 11 månadar fengsel for å ha utført ei seksuell handling mot ei kvinne utan at ho hadde samtykka til det. Hendinga skal ha funne stad etter ein fest på ei privat adresse i Sveio på vårparten i 2021.

Hugsa ingenting

Då saka gjekk for Haugaland og Sunnhordland tingrett i fjor, forklarte mannen at han var rusa, og at han ikkje hugsar noko frå hendinga.

Haugaland og Sunnhordland tingrett la i sin domfelling av mannen til grunn DNA-funn i tillegg til forklaringar frå den fornærma, som er frå ein annan kommune, og eit vitne.

Bevisanke

Domfelte har anka dommen. Det er snakk om ei bevisanke, noko som betyr at heile saka skal førast på nytt for Gulating lagmannsrett.

Det er sett av to dagar til rettssaka som vil finne stad i Stavanger tinghus 20 og 21. februar.

Powered by Labrador CMS